Stryn Hotel foto Ogne 11
2019-NIVÅ: Driftsinntekta til Stryn Hotel steig til same nivå som før korona og lønsemda i 2021 er den høgaste sidan 2016. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Auke for Stryn Hotel

Ventar å vende attende til normalen i år.

30.05.2022

Driftsinntektene til Stryn Hotel var attende på 2019-nivå i 2021, etter to år prega av korona, (sjå tabell) og resultatet før skatt vart det høgaste sidan 2016. I år ventar selskapet at drifta vender attende ti normalen frå før koronapandemine, ifølgje årsmelding til eigarselskapet.

Hotellselskapet sysselsette 14 årsverk i fjor, opp frå 12 i 2020.

Selskapet er tradisjonelt retta mot turistmarknaden om sommaren og nedskalerer drifta og er retta mot forretningsmarknaden i vinterhalvåret.

Eig to hotell
Stryn Hotel er det største hotellet i Vest Hotell Holding-konsernet, som er eigd 50/50 av Ole Kristian Nedberg og Leif Flemming Bakke.

Det andre hotellet i konsernet er Lærdal Hotell, som er eit sommarhotell retta mot turistmarknaden.

Hotellet i Lærdal fekk meir enn halvert driftsinntektene frå 2019 til 2020. I fjor pussa hotellet opp og utvida, noko som reduserte kapasiteten i deler av året. Likevel auka driftsinntektene og underskotet krympa.

Stryn Hotell as

Tal i mill. kroner20212020

Driftsinntekt

15,011,2

Drifsresultat

3,82,6
Resultat før skatt3,62,3
Lærdal Hotel as
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt7,15,9
Driftsresultat-1,9-2,2
Resultat før skatt-2,1-2,3
Vest Hotel Holding as (konsern)
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt22,017,1
Driftsresultat1,80,4
Resultat før skatt1,5-0,03

Publisert: 30.05.2022 10:18

Sist oppdatert: 30.05.2022 12:23

Mer om