Auke lønsemd, fallande inntekt
Maritimt Magasin i Brattvåg auka lønsemda, sjølv om inntektene har gått ned.
I toppåret 2015 hadde Maritimt Magasin 8,9 millionar kroner i inntekter.
Då hadde Brattvåg-selskapet som gir ut Maritimt Magasin og Maritimt Magasin Historie, hatt ein samanhengande inntekstvekst sidan 2004. I den perioden blei inntektene meir enn dobla.
Bråstoppen i marknaden for bygging av offshoreskip og tøffe tider for offshorereiarlaga etter oljeprisfallet i 2014, var med på å snu trenden. Frå og med 2016 har inntektsutviklinga vore negativ, med eit par unntak.
Inntekstfallet reduserte lønsemda dei første åra. Men selskapet har ikkje hatt underskot sidan 2003 og kostnadskutt løfta lønsemda igjen frå og med 2018.
I fjor hadde Maritimt Magasin ein million kroner i resultat før skatt av 5,1 millionar kroner i inntekt.
Maritimt Magasin as | ||
Tal i mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 5,1 | 5,4 |
Driftsresultat | 0,6 | 0,6 |
Resultat før skatt | 1,0 | 0,7 |
Publisert: 11.04.2024 10:21
Sist oppdatert: 11.04.2024 15:21