Aurstad venta vekst i aar
REISERESTRIKSJONAR: Restriksjonar for reiser mellom nord- og sør-Norge og Noreg og utlandet har gjort det vanskleg for Aurstad-konsernet å få fram alle sine tilsette til anleggsplassane etter at koronkrisa kom.
Nytt

Aurstad venta vekst i år

Før koronakrise kom venta Aurstad-sjef Jo Stian Tverberg vekst og auka lønsemd i år. No er det uvisse.

17.04.2020
Entreprenørselskapet i Ørsta har over 70 personar på lønningslista. No er over ti permitterte, på grunn av koronatiltaka.
Aurstad-konsernet har to oppdrag i Nord-Noreg og i tillegg omlag ti tilsette frå Polen og Estland, som har vore omfatta av reiserestriksjonane mellom nord- og sør-Noreg og mellom utlandet og Noreg.
Det å få dei i arbeid som har vore mest krevjande, på grunn av koronatiltaka, ifølgje Tverberg. Det har bidratt til at selskapet ikkje kunne ha full bemanning på plass, men utanom det har selskapet kunne arbeidd etter planen med dei prosjekta det er i gang med.
Tverberg seier og at dei fleste anbodsprosessar går, men at nokre dreg ut i tid.

Venta vekst

Aurstad-konsernet omfattar Aurstad Tunnel og Aurstad Maskinutleige. Det første står for drifta, det andre eig maskinparken.
Etter konkursen i datterselskapet K A Aurstad i desember 2018 er det gjennom Aurstad Tunnell og Aurstad Maskinutleige verksemda blei vidareført. Før konkursen var det K A Aurstad som var hovudselskapet i konsernet, og konkursen er også årsaka til at Aurstad-konsernet gjekk med 35,2 millionar kroner i minus før skatt i 2018 (sjå tabell).

I fjor var konsernet tilbake i pluss, med 229,9 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 5,8 millionar kroner.
- Vi hadde ein plan om ein liten vekst på fem-ti prosent, seier Tverberg om inntektsforventningane for 2020. Også lønsemda skulle opp. Koronakrisa gjer at det no er blitt større uvisse om utfallet, og Tverberg har førebels ikkje talfesta korleis han trur 2020 vil ende.

Publisert: 17.04.2020 12:28

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56