Forsvarar Vegard Aaløkken og forsvarar Jan Erik Teigum foto Ogne
VURDERER MENNESKERETTSDOMSTOLEN: Cato Aurstad sine forsvararar, Vegard Aaløkken og Jan Erik Teigum. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Aurstad vurderer anke til Strasbourg

Blei nekta ankesak etter fengselsdom i tingretten.

18.02.2022

Cato Aurstad er dømt til eitt år og ni månaders fengsel for grovt kreditorsvik før konkursen i enterprenørselskapet K A Aurstad i 2018.

Tingretten kom til at han var ansvarleg for at deler av maskinparken i K A Aurstad vart seld til søsterselskapet Aurstad Maskinutleige og at salet skjedde til underpris.

At salet skjedde til underpris er Aurstad ikkje samd i, men han vann i ikkje fram i tingretten.

Fekk ikkje ankesak
Dommen frå tingretten vart anka, men ankeutvalet i Frostating lagmannsrett har to gangar avvist å ta dommen opp til ny behandling i lagmannsretten. Begge avgjerdene vart anka til Høgsterett. Første gang sende Høgsterett avgjerda attende til ankeutvalet for ny vurdering, men andre gang vart avgjerda godkjent. Dermed vart dommen rettskraftig.

No seier Cato Aurstad til Møre-Nytt at han vurdere å ta saka inn for den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg, mellom anna fordi det var dei same domarane som nekta han ankesak begge gangane.

Aurstad sin advokat, Vegard Aaløkken, seier til NETT NO at fristen for å ta saka inn for menneskerettsdomstolen er fire månadar og at det blir arbeidd med ei vurderinga av om det er grunnlag for å ta saka dit.

Aaløkken vil ikkje kommentere kva som eventuelt blir grunnlaget for å ta saka inn for menneskerettsdomstolen.

Publisert: 18.02.2022 15:26

Sist oppdatert: 18.02.2022 15:41