Nytt
Avento hadde fleire friarar
Andre april blir it-selskapet Avento ein del av Visma. Selskapet hadde fleire interessentar som ville inn på eigarsida.
15.03.2019
Stian Bang og Terje Woldseth etablerte Avento i Ålesund i 2002 og eig knappe 32 prosent kvar av aksjane i it-selskapet. No blir Avento eit Visma-selskap.
Meldinga om oppkjøpet blei sendt ut onsdag 13. mars.
Kva Visma betalar er ikkje offentlegjort.
- Det har eg ikkje lov å seie, men vi er fornøgd, seier Bang om prisen.
Han seier og at det var fleire interessentar til selskapet.
Visma som modell med å ha små sjølvstyrte avdelingar var ein av grunnane til at eigarane valde å selje til Visma, i følgje Bang.
Før salet har Avento i alt 12 aksjonærer. Blant dei er og eigarane av kommunikasjonsselskapet Racer, Eirik Staurset og Olav Sindre Kriken, som slo seg saman med Avento i 2017. Dei eig til saman cirka 20 prosent i Avento.
Visma tek over 70 prosent av aksjane i år, 15 prosent i 2020 og 15 prosent i 2021. Prisen for dei to siste aksjepostane er ikkje endleg avklart.
I 2017 (sist tilgjengleg reknskapstal) hadde Avento 51,2 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 6,3 millionar kroner.
Avento blir en del av "custom solutions"- verksemda til Visma, som utviklar og skreddarsyr datasystemkløysingar for næringsliver. "Custom solution" i Visma har i dag rundt 1700 tilsette, cirka 300 av dei i Norge.
Visma var opphavleg eit selskap som dreiv med reknskapstenester, men som og har gått inn på i it- og konsulentbransjen. Konsernet har cirka 8000 tilsette.
Etter av Racer og Avento slo seg saman i 2017 blei Avento eigar av Racer som aksjepost på 23,794 prosent i Bakkar og Berg Media, som gir ut NETT NO. Den aksjeposten blir skilt ut i eit eige selskap og inngår ikkje i transaksjonen med Visma.
Meldinga om oppkjøpet blei sendt ut onsdag 13. mars.
Kva Visma betalar er ikkje offentlegjort.
- Det har eg ikkje lov å seie, men vi er fornøgd, seier Bang om prisen.
Han seier og at det var fleire interessentar til selskapet.
Held fram i selskapet
Både Bang og Woldseth held fram i selskapet, og Bang seier det skal drivast vidare som eit eige selskap.Visma som modell med å ha små sjølvstyrte avdelingar var ein av grunnane til at eigarane valde å selje til Visma, i følgje Bang.
Før salet har Avento i alt 12 aksjonærer. Blant dei er og eigarane av kommunikasjonsselskapet Racer, Eirik Staurset og Olav Sindre Kriken, som slo seg saman med Avento i 2017. Dei eig til saman cirka 20 prosent i Avento.
Visma tek over 70 prosent av aksjane i år, 15 prosent i 2020 og 15 prosent i 2021. Prisen for dei to siste aksjepostane er ikkje endleg avklart.
Over 60 tilsette
Avento har i dag over 60 tilsette og skal også utvide arbeidsstokken framover.I 2017 (sist tilgjengleg reknskapstal) hadde Avento 51,2 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 6,3 millionar kroner.
Avento blir en del av "custom solutions"- verksemda til Visma, som utviklar og skreddarsyr datasystemkløysingar for næringsliver. "Custom solution" i Visma har i dag rundt 1700 tilsette, cirka 300 av dei i Norge.
Visma var opphavleg eit selskap som dreiv med reknskapstenester, men som og har gått inn på i it- og konsulentbransjen. Konsernet har cirka 8000 tilsette.
Etter av Racer og Avento slo seg saman i 2017 blei Avento eigar av Racer som aksjepost på 23,794 prosent i Bakkar og Berg Media, som gir ut NETT NO. Den aksjeposten blir skilt ut i eit eige selskap og inngår ikkje i transaksjonen med Visma.
Publisert: 15.03.2019 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32