Avisfallet flatar ut
BETRE STEMNING: Sunnmørsposten-redaktør Hanna Relling Berg er påtroppande leiar for Redaktørforeningen. Det er ei generelt betre stemning i avisbransjen i dag enn for få år sidan, seier ho. 
Nytt

Avisfallet flatar ut

Færre aviser med underskot og kostnadskutt i Sunnmørsposten løfta avisbransjen over på pluss-sida i fjor.

15.09.2018
Sunnmørsposten gjekk frå 7,5 millionar kroner i underskot før skatt i 2016 til 10,6 millionar kroner før skatt i 2017.
Som største avisbedrifta på Nordvestlandet veg den positive resultatutviklinga i Sunnmørsposten tungt i statistikken for avisbransjen på Nordvestlandet, men avisa er ikkje åleine om å betre resultatet.
Ni av 20 avisbedrifter i NETT NO si oversikt gjekk med underskot i 2016.
I fjor var talet på underskotaviser redusert til fem og avisene gjekk samla sett frå ein negativ resultatmargin på 0,2 prosent til ein resultatmargin på pluss 7,2 prosent. Resultatmargin er resultat før skatt i prosent av driftsinntektene.
Sunnmørsposten ligg like over gjennomsnittet, med ein resultatmargin på 7,6 prosent i fjor.
Sjå fleire tal i tabell, og klikk på lenka i slutten av artikkelen for å få ei oversikt over resultat i både 2017 og 2016.

Fallande inntekter

Lønsemda for avisene på Nordvestlandet kjem på grunn av kostnadskutt.Halvparten av avisene fekk redusert inntektene sine i 2017 og til saman fall inntektene for dei 20 avisene med 4,7 millionar kroner, til 384,2 millionar kroner.
Sunnmørsposten åleine hadde eit inntektsfall frå 138,5 til 137 millionar kroner.

Betre i år

Sunnmørsposten, Romsdals Budstikke og ei rekkje andre lokalaviser I Møre og Romsdal og Nordfjord er eigd av Polaris Media Nordvestlandet, som er ein del av det børsnoterte Polaris Media-konsernet.
Polaris Media gir mager informasjonen om korleis det går på Nordvestlandet i halvårsrapporten for 2018, men dei tala som er offentleggjort tyder på at den negative inntektsutviklinga kan vere snudd. Driftsinntektene i Polaris Media Nordvestlandet auka frå 178 millionar kroner i første halvår i fjor til 181 millionar kroner i første halvår i år.
I 2017 fall annonseinntekten i avisa, men mindre enn før. Opplaget auka med 281 abonnentar, til 24.418 abonnement. Opplagsauken skuldast auke i talet på digitale abonnement.

Snudde i 2016

Reknskapstala for 2017 og 2018-tala for Polaris Media Nordvestlandet er teikn på at fleire år med tilbakegang for mediebransjen kan vere over.

- Vi har hatt ei veldig positiv opplagsutvikling, som starta sommaren 2016. Vi hadde vekst i fjor og den veksten fortsette også i år, seier redaktør Hanna Relling Berg.

Relling Berg er påtroppande styreleiar i Redaktørforeningen og registrerer ei generelt meir positiv stemning i bransjen enn for få år sidan.
- Vi må seie at vi har opplevde eit trendskifte etter mange år der pilene peika nedover, seier ho.

Betaler for nytt på nett

Sunnmørsposten starta i 2015 med gjere ein del artiklar på nett tilgjengleg berre for abonnentar.
I dag er 40-50 prosent av artiklane berre for abonnentar, anslår Rellling Berg. Talet på reine papirabonnentar går framleis nedover, men auken av abonnentar som vil ha avisa digitalt gjer likevel at Sunnmørsposten aukar opplaget.
NETT NO lukkast ikkje å få kontakt med administrerande direktør Kjell Slinning i Sunnmørsposten, med spørsmål om annonseutvikling i år.

Bransje i tilbakegang

Det ser ut som om nedturen starta først hos dei største medan di mindre avisene har vore meir motstandsdyktig mot endringane i marknaden.
Sunnmørsposten nådde ein topp i 2008, med 202 millionar kroner i driftsinntekter, 65 millionar kroner meir i i dag. Romsdals Budstikke nådde toppen i 2013, med 20 prosent høgare driftsinntekter enn i fjor. Synste Møre i Vanylven nådde sin rekord så seint som i 2016, med 4,1 millionar kroner i driftsinntekter.
Kostnadskutta som er gjort betyr at det er færre tilsette i bransjen. I Sunnmørsposten var det rundt 100 tilsette i 2002. No er det rundt 60.
Vi har hatt ei veldig positiv opplagsutvikling, som starta sommaren 2016. Vi hadde vekst i fjor og den veksten fortsette også i år

Publisert: 15.09.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26