Alle tre underorgansisasjonane i Norges Fiskarlag bad om gruppemøte før den første avstemminga som kan avgjere om Norges Fiskarbåt blir splitta eller ei.
Organisasjonen består av tre underorganisasjonar, Nord Fiskarlag, Sør-Norges Fiskarlag og Fiskebåt.
Fiskebåt organiserer eigarane av den havgåande fiskeflåten. På sitt landsmøte i februar år vedtok Fiskebåt å vente med å melde seg ut av Norges Fiskarlag til landsmøtet i Norges Fiskarlag i Trondheim denne veka.
Utsett til i morgon
I dag skulle landsmøtet stemme over korleis dei såkalla tredjelandskvotane skal fordelast, dersom dei ikkje blir fiska opp. No blir det først stemt over i morgon.
Tredjelandskvotar er norske fiskekvotar som er gitt til fiskarar frå tredjeland, altså fiskarar som har fått kvotane som del av ein handel det norske fiskarar frå kvotar i utanlandsk farvatn i bytte.
Fiskebåt, som organiserer eigarane av den havgåande fiskeflåten, ønskjer eit vedtak som i praksis betyr at tredjelandskvotane tilfell den havgåande fiskeflåten dersom utanlandske fiskarar ikkje klarer, eller vil fiske heile tredjelandskvoten.
Argumentet er at det vil kompensere for at Stortinget i 2024 vedtok ei mindre omfordeling av fiskekvotane, til ugunst for havfiskeflåten.
Det låg an til at fleirtalet på landsmøtet ville følgje fleirtalet i landsstyret og dermed auke sjansen for at Norges Fiskarlag ikkje blir splitta opp, men landsmøtet greidde altså ikkje å gjennomføre den avstemminga i dag.
Skal avgjere maktfordeling
I morgon skal det også røystast over framlegget om at dei tre underorganisasjonane i Norges Fiskarlag skal vere likt representert i styrande organ i Norges Fiskarlag. Det vil betyr at Nord Fiskarlag får færre representantar enn i dag, og mister makta til å blokkere framlegg på landsmøtet.
Det andre framlegget det skal røystast over er at Norges Fiskarlag sitt landsmøtet ikkje kan tilrå ei omfordelinga av fiskekvotar frå ei gruppe til ei anna gruppe utan to tredjedels fleirtal.
Publisert: 18.11.2025 17:28
Sist oppdatert: 18.11.2025 17:38






