- Eg har ingen konto i USA, og eg kjenner ikkje til at det er ein konto i USA i mitt namn, seier Sigbjørn Flø.
I følgje VG på nett er ein 55 år gamal nabo av ei 90 år gamal kvinne i Oslo varetektsfengsla, sikta for grovt bedrageri. Avisa skriv at det er snakk om at nærarar 20 millionar kroner er ført ut av hennar konto.
Naboen nektar for å ha gjort noko straffbart og seier pengane er gått til investeringar, men vil ikkje seie kva slags investeringar, skriv avisa.
- Politiet fryktar at millionbeløpet som er ført ut av konto er tapt for fornærma, seier politiadvokat Knut Horn ved finansseksjonen i Oslopolitiet til VG.
I følgje avisa starta etterforskinga med at banken til kvinna slo alarm då den oppdaga at det gjekk store beløp frå kontoen hennar til kontoen til 55-åringen.
Deretter skal pengane ha blitt ført vidare til kontoen i USA, som sto i Sigbjørn Flø sitt namn. NETT NO presiserer at i artikkelen er det bankkontoen, ikkje Sigbjørn Flø sjølv, som er knytt til bedragerisaka.
Flø visste ingenting om VG-artikkelen eller saka då NETT NO-kontakta han i dag.
- Eg har heller aldri høyrt om den, seier Flø. Saka er ei belastning, og Flø seier han reagerer på at ikkje politiet eller avisa har tatt kontakt.
NETT NO har bedt om ein kommentar frå politiadvokat Knut Horn, men han ønskjer ikkje å kommentere saka før han er attende på jobb mandag.
- Det kunne like godt stått fullt namn, seier Flø.
Flø er identifisert med alder, bustadskommune og som far til ein "bedrageridømt finansakrobat". Etter å ha sona dommen på tre månader frå 2002 arbeidde sonen mellom anna med eit stort hotellprosjekt i Abu Dahbi, som fekk kritisk omtale i ein stor artikkel i Dagens Næringsliv i 2008. Artikkelen fekk oppdragsgivaren, sjeik Nahyan bin Zayed alNahyan i Abu Dahbi til å rykkje inn eit tilsvar gjennom ein heilsides annonse der han forsvarar både sonen og prosjektet.
Sonen arbeider no i USA og Abu Dabi, i følgje Flø.
I følgje VG på nett er ein 55 år gamal nabo av ei 90 år gamal kvinne i Oslo varetektsfengsla, sikta for grovt bedrageri. Avisa skriv at det er snakk om at nærarar 20 millionar kroner er ført ut av hennar konto.
Naboen nektar for å ha gjort noko straffbart og seier pengane er gått til investeringar, men vil ikkje seie kva slags investeringar, skriv avisa.
- Politiet fryktar at millionbeløpet som er ført ut av konto er tapt for fornærma, seier politiadvokat Knut Horn ved finansseksjonen i Oslopolitiet til VG.
Visste ingenting
Artikklen på VGs nettavis vart publisert klokka 03.50 i dag, laurdag 24.mai.I følgje avisa starta etterforskinga med at banken til kvinna slo alarm då den oppdaga at det gjekk store beløp frå kontoen hennar til kontoen til 55-åringen.
Deretter skal pengane ha blitt ført vidare til kontoen i USA, som sto i Sigbjørn Flø sitt namn. NETT NO presiserer at i artikkelen er det bankkontoen, ikkje Sigbjørn Flø sjølv, som er knytt til bedragerisaka.
Flø visste ingenting om VG-artikkelen eller saka då NETT NO-kontakta han i dag.
Forundra
Korkje politiet eller VG har kontakta han om saka, seier han.- Eg har heller aldri høyrt om den, seier Flø. Saka er ei belastning, og Flø seier han reagerer på at ikkje politiet eller avisa har tatt kontakt.
NETT NO har bedt om ein kommentar frå politiadvokat Knut Horn, men han ønskjer ikkje å kommentere saka før han er attende på jobb mandag.
Lett å kjenne att
Sigbjørn Flø er ikkje namngitt i VG-artikkelen, men lesarar av næringslivspressa og folk i lokalmiljøet vil ikkje ha problem med å kjenne han att ut frå opplysningane.- Det kunne like godt stått fullt namn, seier Flø.
Flø er identifisert med alder, bustadskommune og som far til ein "bedrageridømt finansakrobat". Etter å ha sona dommen på tre månader frå 2002 arbeidde sonen mellom anna med eit stort hotellprosjekt i Abu Dahbi, som fekk kritisk omtale i ein stor artikkel i Dagens Næringsliv i 2008. Artikkelen fekk oppdragsgivaren, sjeik Nahyan bin Zayed alNahyan i Abu Dahbi til å rykkje inn eit tilsvar gjennom ein heilsides annonse der han forsvarar både sonen og prosjektet.
Sonen arbeider no i USA og Abu Dabi, i følgje Flø.
Publisert: 24.05.2014 14:26
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:33