Axxis-løysing klar
Etterpå spratt aksjekursen rett opp for det kriseråka seismikkselskapet.
Gjeldsforhandlingane i Axxis Geo Solutions enda med eit framlegg som liknar på det dagleg leiar og styret i selskapet tidlegare har lagt fram.
No skal kreditorane ta stilling til resultatet.
Etter nyheita spratt aksjekursen oppover. Ved slutten av dagen stod kursen i 81 øre per aksje - ein oppgang på kring 53 prosent. Kursen er det høgste nivået sidan januar, men prisar likevel ikkje Axxis Geo Solutions til meir enn knappe 48 millionar kroner.
Seismikkselskapet søkte tidlegare i år om offentlege gjeldsforhandlingar for unngå konkurs, etter at ein investor sa nei til styret sin redningsplan.
No har gjeldsforhandlingane enda opp med eit framlegg til refinanserieing som kreditorane skal ta stilling til etter påske, i følgje ei børsmelding.
Stoppa styret
Ei gruppe investorar ville gå inn med ny kapital på vilkår av at ein stor delar av gjelda i Axxis Geo Solutions blei sletta. Dagens eigarar, der Havila Holding er størst med 26 prosent, ville blitt sittande med under ein prosent eigarskap med denne løysinga.
Ein investor, som hadde kjøpt seg opp i eit obligasjonslån, sette seg mot styret sitt framlegg.
Dermed blei det gjeldsforhandlingar.
Rett opp
Før Axxis Geo Solutions i dag sende ut børsmelding om utfallet av gjeldsforhandlingane var aksjen handla til rundt 53 øre aksjen. Etter børsmeldinga steig kursen til 74,5 øre i løpet av knappe 25 minutt.
Klokka 10:45 er kursen 69 øre per aksje, som verdset selskapet til 42 millionar kroner.
Per 15. mars hadde gjeldsforhandlingskomiteen registerte i alt 107 krav på i alt 44 millionar dollar (cirka 372 millionar kroner) mot selskapet.
Ettergir gjeld
Dersom fremlegget frå gjeldsforhandlingane går gjennom vil mellom anna 95 og 80 prosent av den usikra gjelda bli sletta og kreditorane får høve til å gjere om øvrig gjeld til aksjekapital.
Ei gruppe investorar vil gå inn med mellom 17 og 20 millionar dollar i ny eigenkapital.
Selskapet sitt seiskmikkskip, Naiad, blir seld.
Publisert: 16.03.2021 10:26
Sist oppdatert: 09.06.2021 16:34