Axxis skal gaa paa sparebluss
SEISMIKK: Neptune Naiad er heileigd av Axxis Geo Solutions, som no kuttar kostnader i påvente av at marknaden skal betre seg.
Nytt

Axxis skal gå på sparebluss

Seismikkselskap børstapar etter å ha varsla kutt i stillingar og aktivitet.

03.08.2020
Nodeseismikkselskapet Axxis Geo Solutions varsla måndag at selskapet skal kutte kostnader til eit minimum i påvente av at marknaden skal betre seg.
Meldinga førde til at aksjen vart børstapar måndag, med eit kursfall på 22 prosent.
Axxis har nyleg avslutta eit nodeseismikkoppdrag i Nordsjøen.

Smart track

No går selskapet inn i det ein sjølv kallar ein 'smart track'-modell, der ein kuttar dei løpande kostnadene.
Selskapet opplyser at både fartøy, noder og anna utstyr vil vere raskt tilgjengeleg dersom det dukkar opp nye oppdrag.
Samstundes vert det kutta om lag 20 prosent av stillingane på land, men slik at ein opprettheld sentrale posisjonar, forretningsutvikling og tender aktivitet.

Kan verte nye kutt

Selskapet anslår at utgiftene vert redusert til 800.000 US dollar i månaden etter den nye modellen.
Dersom det ikkje vert nye kontraktar innan slutten av tredje kvartal, går planen ut på å halvere kostnadene til å utgjere maksimalt 400.000 US dollar i månaden.
Axxis Geo Solutions har ei rekkje sunnmørsaksjonærar, der Havila Holding er største enkeltaksjonær.

Publisert: 03.08.2020 17:27

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00