Boender fryktar landbruket vil bli ofra
NY HANDELSAVTALE: Norge er i forhandlingar med Storbritannia om ein ny avtale som vil gi føringar for både landbruks- og sjømatnæringa. 
Nytt

Bønder fryktar landbruket vil bli ofra

Åtvarar mot å byte landbruk mot fisk i forhandlingane med britane. No vil bøndene møte næringsministeren.

15.10.2020
(NPK-NTB-Marius Helge Larsen og Johan Falnes): Bondelaget åtvarar regjeringa mot å byte landbruk mot fisk i forhandlingane med Storbritannia om ein ny frihandelsavtale.
Norges Bondelag har skrive eit brev til regjeringa for å be om eit snarleg møte med næringsminister Iselin Nybø (V) om forhandlingane, som er heilt i sluttfasen.
I brevet skriv Bondelaget at dei «er kjent med at det gjøres en direkte kobling mellom markedsadgang for sjømat og landbruk» i samtalane.

«Har ingenting å gi»

Det dei fryktar, er altså at Noreg skal opne den norske marknaden meir opp for britiske landbruksvarer i byte mot å få selje meir sjømat den andre vegen.
«Norsk landbruk har ingenting å gi i forhandlingene med Storbritannia», blir det åtvara i brevet.
– Vi reagerer skarpt på at landbruk og fisk blir sette opp mot kvarandre, seier Bondelagets leiar Lars Petter Bartnes.
– Ønsket om å komme inn på den britiske marknaden kan ikkje oppfyllast ved å gi innrømmingar på landbruksområdet.

– Forhandlingar er gi og ta

Nybø seier til NTB at ho forstår bekymringa, og at Bondelaget sjølvsagt vil få eit møte.
Ifølgje henne er det ikkje gjort noka direkte kopling mellom landbruk og sjømat frå norsk side i forhandlingane. Men landbruk er sensitivt, fastslår ho.
– Forhandlingar er gi og ta. Og så er det noko som er viktig for oss, og noko som er viktig for britane. Men det er òg slik i forhandlingar, særleg når ein nærmar seg slutten, at ein må halde korta tett inntil brystet. Eg kan ikkje gå ut i media no og seie kva vi er villige til å gi og ikkje, forklarer Nybø.
Ho meiner forhandlingane føregår på heilt normal måte.
– Vi ønskjer sjølvsagt å få så mykje vi kan utan å gi meir enn vi må. Slik er alle forhandlingar.

På overtid

Den nye frihandelsavtalen må på plass fordi Storbritannia har forlate EU og treng nye rammer for korleis handelen med Noreg skal gå føre seg.
Noreg hadde eigentleg sett 9. oktober som frist for å komme til semje, men det lykkast ikkje. No held samtalane fram på overtid.
Nettopp sidan forhandlingane kan nærme seg slutten, ønskjer Bondelaget å få teke opp saka så fort som mogleg.
«Norges Bondelag forventer at regjeringen forsvarer norsk selvforsyning og norske arbeidsplasser i primærnæringen og landbruksbasert næringsmiddelindustri i de pågående forhandlingene med Storbritannia. Vi har ingen arbeidsplasser å gi bort», skriv dei i brevet.
Dei aksepterer ikkje at «norske bønder og landbruksbasert næringsmiddelindustri blir brukt som forhandlingskort».

– Stor tillit

Direktør for internasjonal avdeling i NHO, Tore Myhre, seier han har stor tillit til styresmaktene i saka.
– Vi reknar med at som i alle frihandelsavtalar vil ein måtte vege ulike interesser opp mot kvarandre. Det har vi stor tillit til at styresmaktene gjer òg i dette tilfellet, seier Myhre til NTB.
– Samtidig ser vi at vi har ei unik moglegheit til å forbetre marknadstilgjenge for sjømat for eit svært viktig land, seier han.

Les også:



Synspunkt:


(©NPK)
Ønsket om å komme inn på den britiske marknaden kan ikkje oppfyllast ved å gi innrømmingar på landbruksområdet

Publisert: 15.10.2020 08:31

Sist oppdatert: 07.04.2021 17:52