Njål sævik nor shipping 2022 foto kjetil 11
DÅRLEG DAG: Havila Shipping-sjef Njål Sævik var blid då dette bildet blei teke på Nor-Shipping i fjor. Måndagen var lite å glede seg over på børsen. Arkivfoto: Kjetil Haanes
Nytt

Børsdagen: Årsverste for reiaraksje

Veka starta med mest minus. Eqva-aksjen var unntaket.

Marius Rosbach
27.11.2023

Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka

Dei fleste selskapa frå regionen stod på staden kvil, eller fall på Oslo børs måndag.

Verst gjekk det utover Statt Torsk som fall med meir enn 16 prosent til 0,75 kroner aksjen.

Oppdrettsselskapet er som kjent på veg inn i Vesterålen Havbruk etter at fusjonsplanane er godkjent, og selskapet vil snart bli teke av børs.

Havila Shipping-aksjen fall med 6,6 prosent til 5,80 kroner aksjen.

Det er lågaste nivået sidan våren 2022 for reiaraksjen, og selskapet blir prisa til knappe 140 millionar kroner.

Eqva-aksjen steig mest av selskapa frå Nordvestlandet på børs måndag.

På lågt volum gjekk aksjen opp med drygt ni prosent til 3,07 kroner.

Hovudindeksen på Oslo børs starta veka med ein nedgang på 0,3 prosent til 1311,21 poeng.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Eqva (tidl. Havyard Group) kr 3,07 9,25 %
Hav Group kr 8,90 1,83 %
Sparebanken Møre kr 74,50 1,09 %
Salmon Evolution kr 6,34 0,48 %
Golden Energy Offshore Services kr 1,27 0,00 %
Hofseth Biocare kr 2,80 0,00 %
Endúr kr 40,80 0,00 %
Havila Kystruten kr 0,88 0,00 %
Arctic Bioscience kr 9,30 0,00 %
Hexagon Composites kr 25,36 -0,39 %
Norva 24 Group* 24,05 kr -0,41 %
Atlantic Sapphire kr 1,29 -2,28 %
Hexagon Purus kr 8,98 -6,56 %
Havila Shipping kr 5,80 -6,60 %
Statt Torsk kr 0,75 -16,22 %
* Kurs i SEK

Publisert: 27.11.2023 17:28

Sist oppdatert: 27.11.2023 17:28

Mer om