Børsdagen: Hexagon-fall
Hexagon Compostites og Hexagon Purus dagens børstaparar frå Nordvestlandet.
Både Hexagon Compositets og Hexagon Purus har lagt fram tal for 3. kvartal denne veka. Når veka er omme ser det ikkje ut som tala og presentasjonen av status og utsikter per 3. kvartal har gitt investorar i aksjemarknaden meir lyst til å satse på dei to selskapa.
Hexagon Composites-kursen er no 8,84 prosent lågare enn den var ved starten av veka. Aksjane i selskapet er framleis verdsett høgare enn ved årskiftet (15,86 prosent), men kursen har vore fallande sidan starten av september.
Hexagon Composites lagar tankar og system for bruk av natur- og biogass som energikjelde og er også stor aksjonær i Hexagon Purus, som lagar tilsvarande for hydrogen.
Hexagon Purus-kursen er ned 5,32 prosent denne veka, og ned 50,14 prosent sidan årsskiftet.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Arctic Bioscience | 9,50 | 7,95 % |
Endúr | 44,20 | 4,49 % |
Statt Torsk | 0,53 | 1,92 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,22 | 1,67 % |
Havila Kystruten | 0,80 | 0,76 % |
Sparebanken Møre | 75,60 | -0,53 % |
Salmon Evolution | 6,02 | -1,15 % |
Hav Group | 9,20 | -1,29 % |
Havila Shipping | 6,35 | -1,55 % |
Norva 24 Group* | 18,20 | -3,09 % |
Hofseth Biocare | 2,79 | -4,12 % |
Eqva | 2,55 | -4,14 % |
Atlantic Sapphire | 1,32 | -4,35 % |
Hexagon Purus | 10,14 | -6,80 % |
Hexagon Composites | 24,30 | -7,67 % |
* Kurs i SEK |
Publisert: 10.11.2023 17:16
Sist oppdatert: 10.11.2023 17:16