Børsdagen: Skulle hatt konkurrentar med suksess
Landbasert oppdrettselskap fall nesten 20 prosent i dag.
Andre si ulukke er neppe eiga lukke for Salmon Evolution-aksjonærane.
I dag fall aksjekursen i det landbaserte oppdrettselskapet Gigante Salmon i Nordland med heile 19,17 prosent, etter at selskapet varsla at det planlagte anlegget til selskapet blir 350 millionar kroner dyrare enn venta. Selskapet trenge pengepåfyll og toppsjefen blei skifta ut på dagen.
Les børsmelding om kostnadssprekken her
Les børsmelding om sjefsskiftet her
Hittil i år har Gigante Salmon-kursen falle 44 prosent.
Atlantic Sapphire, som driv landbasert oppdrett ved Miami i Florida har ein lang liste med trøbbel, og aksjekursen har falle 48 prosent i år og 85 prosent siste 12-månadarsperiode.
Salmon Evolution driv landbasert oppdrett i Indre Harøy i romsdal, og har fleire investorar på Nordvestlandet på eigarsida.
Selskapet har klart seg langt betre enn dei to konkurrentane, både i byggeprosess og produksjonsfase, og også på børsen.
Kursen er ned 5,75 prosent i år. Men truleg kunne det har vore ein opptur også på børsen, og det ikkje var for den tvilen til landbasert oppdrett som historikken til Atlantic Sapphire og Gigante Salmon har skapt.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Arctic Bioscience | 10,20 | 12,33 % |
Havila Kystruten | 0,73 | 2,54 % |
Romsdal Sparebank | 177,00 | 1,74 % |
Endúr | 41,90 | 1,70 % |
Havila Shipping | 3,82 | 0,66 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,60 | 0,63 % |
Atlantic Sapphire | 0,83 | 0,48 % |
Hofseth Biocare | 2,30 | 0,44 % |
Norva 24 Group* | 25,25 | 0,40 % |
Sparebanken Møre | 90,26 | 0,29 % |
Salmon Evolution | 6,39 | -0,78 % |
Hexagon Composites | 18,92 | -0,94 % |
Hexagon Purus | 5,84 | -1,85 % |
Hav Group | 9,50 | -2,86 % |
* Kurs i SEK |
Publisert: 19.03.2024 16:56
Sist oppdatert: 19.03.2024 17:02