Nytt
Børsdagen: Bioteknologi på topp
Tung dag for USA-satsing på landbasert laks. Sjekk børstabell for Nordvestlandet.
Marius Rosbach
19.02.2024
Arctic Bioscience-aksjen hadde den største oppturen av dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet måndag.
Hovudindeksen på Oslo børs gjekk opp med kring 0,3 prosent til 1268,10 poeng, etter ein dag utan dei store hendingane sett frå regionen.
Hav Group som hadde ein opptur før helga, var mellom dagens taparar.
Verst utvikling av selskapa frå regionen hadde Atlantic Sapphire-aksjen. Selskapet som satsar på landbasert oppdrett av laks i USA, har ikkje klart å overtyde investorane og kursen har ikkje vore over to kroner sidan i fjor haust.
Børstabell for Nordvestlandet:
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Arctic Bioscience | kr 10,50 | 5,00 % |
Havila Shipping | kr 4,56 | 2,47 % |
Golden Energy Offshore Services | kr 1,43 | 1,13 % |
Norva 24 Group* | 27,30 kr | 1,11 % |
Sparebanken Møre | kr 86,63 | 0,77 % |
Endúr | kr 41,30 | -0,24 % |
Salmon Evolution | kr 6,50 | -0,91 % |
Havila Kystruten | kr 0,84 | -1,18 % |
Hexagon Purus | kr 7,59 | -1,68 % |
Hexagon Composites | kr 19,42 | -2,90 % |
Hofseth Biocare | kr 2,33 | -2,92 % |
Hav Group | kr 11,40 | -5,00 % |
Atlantic Sapphire | kr 1,60 | -6,67 % |
* Kurs i SEK | ||
Publisert: 19.02.2024 17:17
Sist oppdatert: 19.02.2024 17:18