Sjå børstabell for Nordvestlandet under
Norva24 la tidleg onsdag fram rapport for 4. kvartal i fjor. Den viste vekst i inntektene, men ikkje for lønnsemda.
Investorane reagerte med å sende aksjen ned i løpet av dagen.
Kort tid før børsen i Stockholm stengte 17.30 var kursen ned over fem prosent. Det svara til eit fall i marknadsverdien kring ein kvart milliard. Sluttkursen blei likevel hakket betre og enda på 23,80 kroner.
Norva24 spring mellom anna ut det som var selskapet Septik 24 i Stryn, og har framleis hovudkontoradresse i Nordfjord-kommunen.
I dag er konsernet blitt eit internasjonalt selskap som har spesialisert seg på vedlikehald og utbetring av infrastruktur under bakken.
Hofseth Biocare som fall etter kvartalstal førre veke, var dagens vinnar av dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet onsdag.
Hovudindeksen på Oslo børs steig i løpet av dagen med 0,45 prosent til 1497,79 poeng.
Børstabell for Nordvestlandet:
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Hofseth Biocare | kr 2,84 | 7,58 % |
Hexagon Purus | kr 2,13 | 4,41 % |
Endúr | kr 76,10 | 0,93 % |
Hexagon Composites | kr 30,20 | 0,00 % |
Atlantic Sapphire | kr 11,45 | -0,43 % |
Romsdal Sparebank | kr 125,98 | -0,65 % |
Salmon Evolution | kr 6,61 | -0,75 % |
Havila Shipping | kr 1,46 | -0,95 % |
Sparebanken Møre | kr 100,00 | -0,99 % |
Havila Kystruten | kr 0,89 | -1,11 % |
Golden Energy Offshore Services | kr 18,95 | -1,30 % |
Hav Group | kr 5,60 | -1,41 % |
Arctic Bioscience | kr 2,80 | -2,78 % |
Norva 24 Group* | 24,00 kr | -4,00 % |
* Kurs i SEK | ||
Publisert: 19.02.2025 17:29
Sist oppdatert: 19.02.2025 18:52