Marcon sea 1536x820
Endur-selskapet Sventab fikk i fjor kontrakt på å bygge utløpsrør for den nye Östbergatunnelen i Stockholm (bildet. Konsernet driver i tre markeder, anlegg til oppdrettsnæringen, marin infrastruktur og utstyr og tjenerste til maritim bransje. Foto: Endur
Nytt

Børsdagen: Endur luktar på årsrekord

Ikkje sidan juli 2021 har Endùr-aksjen vore handla til høgare kurs enn i formiddag.

31.03.2023

Like før klokka 12 i dag var det handla fleire små aksjepostar i Endùr til kurs 47,8 kroner aksjen. Høgaste kurs ved dagens slutt hittil i år hadde Endúraksjen 14. mars i år, 47,74 kroner aksjen.

Vi må tilbake til juli 2021 for å finne ein høgare kurs for Endur, men det er framelis eit stykke opp kva aksjane var verdt I januar 2021. Då vart ingeniør- og prosjekteringselskapet Artec Aqua i Ålesund ein del av Endúr-konsernet, i ein transaksjon der Artec Aqua-grunnleggarane vart største eigarar i Endúr.

Då var kursen like under 60 kroner. Like etter steig kursen opp til 75,50 kroner, før den fall i rykk og napp ned til 20 kroner aksjen 10. mai 2022. Deretter har trenden vore positiv for Endúr-eigarane og sidan årsskiftet har kursen stige over 36 prosent.

Etter å ha snust på årsrekorden fall Endúr-kursen litt ned og slutta på 47 kroner då børsen stengde for dagen. Det er opp 5,76 prosent sidane i går.

Artikkelen er oppdatert etter at Oslo Børs stengte for dagen, mellom anna med tabell med aksjekurs og - utvikling for børsnoterte selskap på Nordvestlandet.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Endúr 47,00 5,76 %
Arctic Bioscience 11,35 3,18 %
Golden Energy Offshore Services 1,09 2,36 %
Eqva (tidlegare Havyard Group) 3,25 2,20 %
Salmon Evolution 8,30 2,09 %
Hexagon Purus 26,10 1,64 %
Statt Torsk 1,095 0,92 %
Havila Kystruten 9,50 0,21 %
Atlantic Sapphire 5,67 0,18 %
Hav Group 11,04 0,06 %
Nortel 30,00 0,00 %
Sparebanken Møre 77,75 -0,06 %
Norva 24* 28,74 -0,60 %
Hexagon Composites 33,30 -2,40 %
Havila Shipping 15,67 -2,72 %
Hofseth Biocare 2,58 -4,44 %
*Svenske kroner

Publisert: 31.03.2023 15:22

Sist oppdatert: 03.04.2023 12:07