Atlantic Sapphire Miami Florida foto Atlantic Sapphire 11
MIAMI: Opptur måndag på børsen for Atlantic Sapphire, her frå anlegget utanfor Miami, Florida. Foto: Atlantic Sapphire
Nytt

Børsdagen: Fleire fine oppturar

Herøy-reiarlag held fram himmelferda og Ålesund-selskap vil på børs.

23.01.2023

Både Atlantic Sapphire og Havila Shipping var blant børsvinnarane måndag. Havila Shipping steig nye 14,85 prosent til 22,35 kroner aksjen, og har dermed auka verdien med 50 prosent på ei veke. Det er også stor handel i aksjen, utan at det har kome nye meldingar siste dagane.

Fleire andre offshoreselskap har også stige kraftig. Måndag steig Ålesund-selskapet Golden Energy Offshore Services 5,12 prosent.

Fin opptur
Endå meir steig lakseoppdrettaren Atlantic Sapphire, med ein kursauke på 15,10 prosent til 8,50 kroner aksjen. Selskapet har hatt produksjonsproblem, og børsverdien har falle 78 prosent på eitt år, men handelen i dag tyder på fornya optimisme.

For Statt Torsk peika pilane andre vegen, med ein nedgang på 3,24 prosent etter at selskapet melde om at ein er eit halvt år på etterskot i høve til den opprinnelege planen for slakt og sal av oppdrettstorsken.

Vil på børs
Nordvestlandet kan snart få endå eit børsnotert selskap. Ifølgje Finansavisen arbeider Ålesund-selskapet Villa Seafood Group med børsnotering, noko som kan skje allereie i år.

Villa Seafood Group er i dag engasjert i oppdrett av økologisk laks i Skottland, gjennom Organic Sea Harvest. Selskapet har også aksjar i Arctic Filet på Senja. Selskapet vil også ferdigstille en ny filetbedrift på Nittedal i løpet av året.

Hovudindeksen steig 0,79 prosent måndag, medan eitt fat nordsjøolje vart handla ved børsslutt til 88,40 dollar, opp 0,94 prosent

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Atlantic Sapphire 8,5 15,10 %
Havila Shipping 22,35 14,85 %
Golden Energy Offshore Services 1,54 5,12 %
Hexagon Purus 25,28 2,60 %
Hofseth Biocare 3,02 1,68 %
Sparebanken Møre 79,8 1,67 %
Eqva 3 1,35 %
Hexagon Composites 33,58 1,27 %
Nortel 19,6 1,03 %
Arctic Bioscience 11,05 0,95 %
Endúr 27,69 0,67 %
Norva24 Group* 35,2 0,57 %
Salmon Evolution 8,2 0,24 %
Havila Kystruten 10,7 0,00 %
Hav Group 8,73 -0,80 %
Statt Torsk 1,64 -3,24 %
* I svenske kroner. Selskapet er registrert på Stockholms-børsen

Publisert: 23.01.2023 16:11

Sist oppdatert: 23.01.2023 20:36