Salmon
OSLO: Salmon Evolution har starta salet av laks i Oslo, som her på Meny Tveita. Foto: Meny Tveita
Nytt

Børsdagen: Fornya tru på lakseaksjar

Salmon Evolution har starta salet i Oslo.

12.12.2022

Fleire lakseaksjar hadde ein fin børsdag måndag, men lakseselskapa i nordvest var ikkje med på oppturen.

Oppgangen for sektoren kom etter at Nordea Markets meinte at lakseskatt og anna trøbbel var prisa inn i dagens kursar, og meinte at no var det ei god tid å kjøpe lakseaksjar.

Meklarhuset har kjøpstilråding på alle dei store selskapa, som Mowi, Lerøy, Salmar og Bakkafrost, og meiner at lakseprisen neste år vil liggje rundt 80 kroner kiloen.

Oslo-sal
Det er i stor grad selskapa som produserer i sjøen som har fått merke kursfallet for lakseaksjane. Eit selskap som Salmon Evolution har vore lite påverka.

Måndag steig kursen med 0,23 prosent. Selskapet melder at ein no har starta salet av laks frå indre Harøya i Oslo.

Det vert meldt om stor interesse, og så langt har ein gjort avtale med ni Meny supermarknader og ein sushirestaurant.

Statt Torsk-fall
For Atlantic Sapphire vart det ein dårleg børsdag, men ein nedgang på 6,44 prosent, medan det gjekk endå verre for torskeoppdrettaren Statt Torsk. Selskapet henta nyleg inn 40 millionar kroner i ein retta emisjon til kurs 1,70 kroner aksjen. I dag fall kursen under emisjonskursen.

Den store børsvinnaren måndag var hydrogenselskapet Hynion med ein oppgang på 66 prosent etter å ha fått lov til å opne fyllestasjon i Göteborg.

Oslo Børs fall 0,3 prosent. Ved børsslutt vart eit fat nordsjøolje handla til 78,41 dollar fatet, opp 2,56 prosent.

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Hexagon Purus 27,08 5,21 %
Hofseth Biocare 2,52 2,86 %
Endúr 34,6 2,08 %
Salmon Evolution 8,71 0,23 %
Arctic Bioscience 13,25 0,00 %
Golden Energy Offshore Services 1,4 0,00 %
Nortel 20,2 0,00 %
Hav Group 9,45 -0,53 %
Sparebanken Møre 74,5 -0,65 %
Norva24 Group* 31,5 -0,94 %
Havila Kystruten 19,25 -1,03 %
Eqva 2,975 -1,16 %
Hexagon Composites 30,76 -2,23 %
Havila Shipping 11,1 -6,09 %
Atlantic Sapphire 9 -6,44 %
Statt Torsk 1,68 -11,35 %
Børsdagen
* I svenske kroner. Selskapet er registrert på Stockholms-børsen

Publisert: 12.12.2022 16:30

Sist oppdatert: 13.12.2022 10:31