Oslo Børs Foto Marius Rosbach 11
BØRSSUKSESS. Dei tre siste åra har Staten og resten av aksjonærane i Kongsberg Gruppen hatt ein nesten samanhengande opptur på børsen. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Børsdagen: Gladnytt frå Kongsberg

I løpet av tre år har Kongsberg Gruppen blitt over tre gangar meir verd.

27.10.2023

Kongsberg Gruppen er ein viktigare arbeidsgivar på Nordvestlandet enn dei børsnoterte selskapa som har adresse her. I dag la selskapet fram eit nytt godt kvartalsresultat, med sterk og lønsam vekst både for konsernet si maritime verksemd og frå forsvarsverksemda.

Datterselskapet Kongsberg Maritime har anlegg og kontor i Brattvåg, Ålesund, Hjørungavåg og Ulsteinvik. Gjennom pandemine var ettermarknaden - inspeksjon, reparasjon og vedlikehald av skipsmaskineri og utstyr - viktig for å halde hjula i gang.

No tek nybyggingsaktiviteten seg opp og gir Kongsberg Maritime ei ekstra løft.

Då børsen stengte i dag var aksjekursen opp 3,08 prosent, til 488 kroner. Det verdset selskapet til 85,9 milliardar kroner. Det er ikkje "all time high" for selskapet, men ikkje langt unna. Den førebelse toppnoteringa er 490,60 kroner aksjen og vart nådd i juni i år.

Staten er største eigar med 50 prosent av aksjane og Folketrygdfondet eig dessutan 5,83 prosent.

Artikkelen er oppdater, mellom anna med aksjekursar for børsnoterte selskap på Nordvestlandet, etter at børshandelen var over for dagen.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Havila Kystruten 0,86 5,64 %
Salmon Evolution 6,09 2,70 %
Golden Energy Offshore Services 1,26 2,44 %
Norva 24 Group* 18,40 2,22 %
Sparebanken Møre 76,55 1,26 %
Hexagon Composites 25,68 0,94 %
Eqva (tidl. Havyard Group) 2,56 0,79 %
Endúr 39,50 0,00 %
Arctic Bioscience 8,30 0,00 %
Havila Shipping 9,40 0,00 %
Hofseth Biocare 2,80 0,00 %
Hav Group 9,10 -0,87 %
Hexagon Purus 10,28 -2,10 %
Atlantic Sapphire 1,23 -6,25 %
Statt Torsk 0,41 -17,84 %
* Kurs i SEK

Publisert: 27.10.2023 16:00

Sist oppdatert: 27.10.2023 16:51