Njål sævik innfelt per ivar fagervoll foto kjetil golden energy 11
GOD BØRSDAG: Onsdag var ein god dag på børs for Havila Shipping-sjef Njål Sævik og Golden Energy Offshore-sjef Per Ivar Fagervoll (innfelt). Foto: Kjetil Haanes/Golden Energy Offshore
Nytt

Børsdagen: God dag for offshore

Oljeservice på topp frå nordvest.

Marius Rosbach
08.01.2025

Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka 

Havila Shipping og Golden Energy har den beste dagen på Oslo børs av selskapa frå Nordvestlandet onsdag. 

Ein halvtimes tid før stengetid hadde dei to reiarlaga ein verdiauke på nær 8,85 og 6,70 prosent i løpet av dagen. Begge fall litt tilbake rett før slutt. 

Utviklinga kan ha samanheng med oljeprisen som har stige til over 75 dollar fatet dei første dagane av året. 

Etter å ha vore over 85 dollar fatet i fjor sommar, sank prisen utover hausten. Frå november og ut fjoråret låg prisen under 75 dollar.  

Kursen for dei to offshorereiarlaga Havila Shipping og Golden Energy har stort sett peika nedover i den same tida, forutan i haust då sistnemnte svinga oppover ein kort periode. 

Arctic Bioscience som har vore vinnaren av selskapa frå Nordvestlandet tidlegare i veka, fall litt tilbake onsdag. Ved 16-tida var kursen ned kring 2,4 prosent. 

Børstabell for Nordvestlandet:

SelskapKurs i kroner%-endring i dag
Golden Energy Offshore Serviceskr                20,70 6,70 %
Havila Shippingkr                   1,60 5,68 %
Havila Kystrutenkr                   0,93 4,94 %
Hav Groupkr                   6,30 1,29 %
Hofseth Biocarekr                   1,86 0,82 %
Sparebanken Mørekr                94,95 -0,18 %
Romsdal Sparebankkr              125,42 -0,30 %
Salmon Evolutionkr                   6,58 -0,30 %
Norva 24 Group*26,00 kr  -0,95 %
Hexagon Compositeskr                42,40 -1,28 %
Endúrkr                66,80 -1,91 %
Atlantic Sapphirekr                   0,09 -2,22 %
Arctic Biosciencekr                   2,42 -2,42 %
Hexagon Puruskr                   5,07 -3,24 %
* Kurs i SEK  
   

Publisert: 08.01.2025 15:54

Sist oppdatert: 08.01.2025 16:52

Mer om