Sjå børstabell for Nordvestlandet under
Måndag auka verdiane på Oslo børs, godt hjelpt av utsiktene for opprusting i Europa som følgje av krisa mellom Ukraina og USA.
Tysdag kom effektane av handelskrig og svakare oljeprisar – som sendte børsen ned like mykje som oppturen dagen i forvegen - og litt til. Ved 12-tida var hovudindeksen ned 1,51 prosent til kring 1485 poeng.
Utover ettermiddagen tiltok fallet og hovudindeksen enda med eit fall på 2,99 prosent til 1462,30 poeng. Det er 2,61 prosent over nivået ved årsskiftet.
USA si innføring av toll mot nabolanda, EU og Kina, saman med eit brått fall i oljeprisen etter måndagens OPEC-møtet, er faktorar som dreg ned.
Prisen for eit fat nordsjøolje var ved 12-tida tysdag på 70,70 dollar – etter å ha falle kring to dollar det siste døgnet. Då handelen stengte på Oslo børs var oljeprisen enno litt ned.
Oljekartellet Opec skal ønske å auke oljeproduksjon. Det vil vera den første i ein serie av månadlege opptrappingar for å ta opp igjen produksjonen som har vore stansa i meir enn to år.
Den auka produksjonen, og fallande prisen, er i tråd med kva president Donald Trump oppmoda Saudi-Arabia og resten av Opec-landa til i januar.
Det var ikkje større utslag i kursane til dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet første halvdel av tysdagen - sett vekk frå Arctic Bioscience som fall nær 20 prosent. Aksjen har svinga mykje den siste tida i påvente av resultata frå ein større studie.
Mot slutten av dagen fall også Hofsteh Biocare-aksjen - og enda som dagens tapar frå regionen.
Børstabell for Nordvestlandet:
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Havila Kystruten | kr 0,84 | 4,88 % |
Romsdal Sparebank | kr 126,88 | 1,26 % |
Sparebanken Møre | kr 96,00 | -2,05 % |
Endúr | kr 70,50 | -3,03 % |
Norva 24 Group* | 23,60 kr | -3,28 % |
Salmon Evolution | kr 6,05 | -4,57 % |
Hav Group | kr 5,80 | -5,54 % |
Hexagon Composites | kr 22,25 | -7,68 % |
Golden Energy Offshore Services | kr 17,15 | -8,29 % |
Atlantic Sapphire | kr 4,90 | -9,26 % |
Havila Shipping | kr 1,30 | -10,96 % |
Hexagon Purus | kr 1,62 | -14,74 % |
Arctic Bioscience | kr 3,98 | -18,78 % |
Hofseth Biocare | kr 2,40 | -18,92 % |
* Kurs i SEK | ||
Publisert: 04.03.2025 12:24
Sist oppdatert: 04.03.2025 17:15