Oslo børs 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
TIDLEG HAUST: I aksjemarknaden var det ein sur og kald dag i dag. Hovudindeksen falll over tre prosent. Foto: Ogne Øyehaug.
Nytt

Børsdagen: Hauststorm på børsen

Aksjeinvestorane hadde ein dårleg dag.

06.09.2022

Hovudindeksen på Oslo Børs fall heile 3,27 prosent i dag.

Blant selskapa på Nordvestlandet og på børsen generelt var Havila Shipping den store taparaen med eit kursfall på 16,56 prosent.

Høgt oppe på taparlisten var også konkurrentane Solstad Offshore (minus 8,09 prosent) og ikkje minst børsens tungvektar, olje- og energiselskapet Equinor (minus 6,65 prosent).

Blant børsnoterte selskap på Nordvestlander var det berre Hofseth Biocare.- og Norva24.-asksjane som hamna på pluss-sida, med ein oppgang på høvesvis 1,77 og 0,82 prosent.,

Klokka 16: 25 var prisen på nordsjøolje for levering om ein månad nede i 93,01 dollar fatet, eit fall på 2,85 frå i går og den lågaste prisen sidan 9. februar i år.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Hofseth Biocare 3,45 1,77 %
Norva 24* 31,175 0,82 %
Sparebanken Møre 71,5 -0,86 %
Statt Torsk 2,18 -0,91 %
Hexagon Composites 26,4 -1,71 %
Havyard Group 3,6 -2,57 %
Nortel 21,4 -2,73 %
Salmon Evolution 8,3 -2,92 %
Hav Group 12,3 -3,76 %
Golden Energy Offshore Services 1,9 -4,28 %
Arctic Bioscience 13,2 -4,35 %
Havila Kystruten 16,9 -4,52 %
Endúr 27,12 -4,81 %
Atlantic Sapphire 17,6 -6,13 %
Hexagon Purus 22,02 -6,38 %
Havila Shipping 10,78 -16,56 %
*Svenske kroner

Publisert: 06.09.2022 16:41

Sist oppdatert: 06.09.2022 17:45