Roger Hofseth foto Ogne
STOR AKSJONÆR: Roger Hofseth er indirekte stor aksjonær i Hofseth Biocare, som vidareforedlar avskjer og restråstoff frå lakseslakteri. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Hofseth Biocare i mål med emisjon

Henta 158 millionar kroner i løpet av helga. Garantistane tok det meste.

27.10.2025

Etter at børsen stengte før helga på fredag varsla Hofseth Biocare at selskapet ville hente inn mellom 155 og 181 millionar kroner. Det skulle gjerast gjennom ein såkalla retta emisjon, der utvalde investorar blir spurt om å vere med. 

Resultatet blei 158 millionar kroner, fortel selskapet i ei børsmelding før børsen opna måndag. 

Les børsmelding her (ekstern lenke)

Under børskurs
Fredag ettermiddag var kursen til Hofseth Biocare 2,06 kroner aksjen. 

I kapitalutvidinga tilbaud selskapet investorar å vere med til kursen 1,80 kroner aksjen. Det var ikkje nok rabatt til å nå maksimalmålet på 181 millionar kroner i kapitalutvidinga, men nok til å passere minimumsmålet.

Hofseth Biocare videreforedlar avskjær og restråstoff frå lakseslakteri til ingrediensar til helsekost- og kjæledyrmarkedet. I tillegg arbeider selskapet for å utvikle og få godkjent legemidlar basert på dei samme råstoffa.

Hofseth Biocare hadde 129 millioner kroner i driftsinntekt og eit underskot før skatt på 58 millionar kroner i første halvår i år. 

Garantistane tok mesteparten
Deler av kapitalutviding skjer ved å gjere om gjeld til aksjar. Hofseth International, med Roger Hofseth som dagleg leiar og stor aksjonær, gjer om gjeld til aksjar for 52 millionar kroner. 

Storaksjonær Guy Urquhart går inn med 100 millionar kroner. Både Hofseth International og Guy Urquhart hadde på førehand garantert for 155 millionar kroner i emisjonen.

Fall i løpet av dagen
Då børsen opna måndag blei Hofseth Biocare-aksjar handla til to kroner aksjen. I løpet av dagen var kursen ei periode over to kroner, men fall mot slutten av dagen med 4,37 prosent til 1,97 kroner. 

Ved utgangen av 2024 var kursen 1,70 kroner. I februar nådde den årets høgaste kurs, 3,18 kroner aksjen. ¨

Hovudindeksen på Oslo børs slutta dagen 0,24 prosent i pluss på 1646,78 poeng. 

Børstabell for Nordvestlandet:

SelskapKurs i kroner%-endring i dag
Arctic Biosciencekr                   3,18 -13,59 %
Atlantic Sapphirekr                   7,73 4,39 %
Endúrkr                86,70 0,93 %
Golden Energy Offshore Serviceskr                18,05 5,25 %
Hav Groupkr                   6,30 -5,41 %
Havila Kystrutenkr                   1,25 2,46 %
Havila Shippingkr                   1,20 -2,83 %
Hexagon Compositeskr                   9,93 5,98 %
Hexagon Puruskr                   1,73 5,09 %
Hofseth Biocarekr                   1,97 -4,37 %
Tinde Sparebankkr              120,00 0,79 %
Salmon Evolutionkr                   5,21 0,00 %
Sparebanken Mørekr              104,00 0,00 %
   

Publisert: 27.10.2025 08:13

Sist oppdatert: 27.10.2025 16:57

Mer om