Per sævik havila capella akterdekk foto kjetil 11
REKYL: Kystruten-aksjen har stige stort den siste tida. Her illustrert ved styreleiar i Havila Kystruten, Per Sævik, om bord på Havila Capella. Arkivfoto: Kjetil Haanes
Nytt

Børsdagen: Kronestyrking og kystrutekalas

Nok ein gong er det Havila Kystruten som skaper overskrifter

Linn Antonie Vårdal Solheim
25.07.2023

Hovudindeksen på Oslo Børs er tysdag opp 0,48 prosent ved børsslutt, og det er jamt over oppgang og grøne tal på dei europeiske børsane.

For tredje dag på rad styrkar den norske krona seg mot den amerikanske dollaren, jamfør Noregs Bank sine valutakursar.

Samstundes meldast det høgt og lågt om at den økonomiske aktiviteten går dårlegare enn venta i eurosona, og i Kina har både eksport og import falle markant i juni månad.

Oljeprisen er noko ned, og eit fat nordsjøolje, Brent Spot, handlast ved børsslutt tysdag for 82,40 amerikanske dollar.

Få overraskingar
Sett bort ifrå Kystruten, var det jamt over ein børsdag utan dei store hendingane frå selskapa med tilhøyrsle på Nordvestlandet.

Kystruten avsluttar nok ein gong handelsdagen med ein stor auke, og tysdag stig kursen 18,7 prosent, til ein pris på 1,9 kroner per aksje.

Kurs-rekyl
Den siste månaden har kursen stige 71,6 prosent, etter at aksjen meir eller mindre kollapsa etter at selskapet valde å gjennomføre ein retta emisjon med teikningskurs på 1,10 kroner per aksje – eit godt stykke under det som på dåverande tidspunkt var all time low-kurs, på 3,50 kroner.

Havila Kystruten blei i august 2021 børsnotert for 25,50 kroner aksjen, og eig søsterskipa Havila Castor og Havila Capella, som i følgje Maritimt Magasin har ein marknadsverdi på 1,2 mrd kroner kvar.

Dersom alt går etter planen, vil selskapet innan kort tid overta eigerskapet av søsterskipa Havila Polaris og Havila Pollux frå det tyrkiske verftet Tersan.

Marknadsverdien av Havila Kystruten er med dagens aksjekurs sett til 141,8 millionar kroner.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Havila Kystruten kr 1,90 18,75 %
Arctic Bioscience kr 10,05 2,97 %
Havila Shipping kr 13,30 1,68 %
Atlantic Sapphire kr 6,05 1,68 %
Sparebanken Møre kr 76,50 0,66 %
Endúr kr 40,20 0,50 %
Salmon Evolution kr 6,66 0,15 %
Nortel kr 26,40 0,00 %
Hav Group kr 10,25 0,00 %
Eqva (tidl. Havyard Group) kr 2,83 -0,35 %
Hexagon Composites kr 25,54 -0,78 %
Norva 24 Group* kr 26,60 -1,12 %
Statt Torsk kr 0,56 -1,76 %
Hexagon Purus kr 20,40 -2,16 %
Hofseth Biocare kr 3,03 -2,88 %
Golden Energy Offshore Services kr 1,14 -3,06 %
* Kurs i SEK

Publisert: 25.07.2023 16:57

Sist oppdatert: 25.07.2023 17:01