Hexagon Composites fall 2,76 prosent på børsen fredag, til 31,76 kroner. Fallet kom sjølv om Hexagon-dottera Hexagon Agility melde om ein kontrakt til 211 millionar kroner.
Også Hav Group-selskapet Norwegian Electric Systems (NES) melde om ny kontrakt, denne gongen kontrakt med Scandlines på levering av eit landstraumanlegg til fergeleie i den danske byen Rødby. Trass i kontrakten, fall Hav Group 1,18 prosent, til 16,80 kroner aksjen.
Lavare snittvekt på laksen
Derimot var det ein ny god dag for lakseaksjane, der Atlantic Sapphire steig heile 5,96 prosent, til 17,48 kroner. Salmon Evolution steig på si side til 10,44 kroner, ein auke på 3,78 prosent.
Ifølgje månadsoversikta frå Akvafakta stod det 758.000 tonn laks stod i norske oppdrettsmerdar ved månadsskiftet februar/mars, fire prosent mindre enn same tid året før.
Medan talet på fisk i anlegga er uendra, har denne fisken fire prosent lågare snittvekt enn tilfellet var for 12 månader sidan. Ved årsskiftet stod det 840.000 tonn laks i sjøen, og denne er altså redusert med 82.000 tonn på to månader, melder bransjenettstaden ilaks, no.
Oljeprisen snudde
Elles var det små utslag for selskapa med base på Nordvestlandet, på ein dag der hovedindeksen steig 0,37 prosent, og tangerte dermed «all time high» på 1261,53 poeng.
Oljeprisen var ned mesteparten av dagen, men steig på slutten og var rundt klokka 17 opp 1,7 prosent til vel 120 dollar fatet.
- Svake europeiske vekstutsikter
I ein fersk makroøkonomisk analyse fra sjeføkonom Inge Furre i Sparebanken Møre ser Furre for seg ein moderat vekst i verdsøkonomien. Men for Europa meiner derimot Furre at vekstutsiktene er svake som følgje av den økonomiske virkninga av krigen mellom Russland og Ukraina.
Vidare er det utsikter til høgare renter at Norges Bank har signalisert sju rentehevingar innan utgangen av 2023.
Furre meiner også at det er utsikter til høgare inflasjon, og viser til spesielt høg inflasjon i USA.
Sparebank 1 Nord-Norge vart første banken med renteauke, og varsla fredag om at banken set opp utlånsrenta på bustadlån med inntil 0,25 prosentpoeng. Oppgangen gjeld frå måndag 28. mars for nye lån, og fra 6. mai 2022 for eksisterande lån.
Krigen dominerer
Krigen i Ukraina dominerer elles bildet. Fredag vart det klart at Tyskland planlegg å bli uavhengig av russisk gass allereie i 2024. Då skal importen av russisk gass vere nesten heilt stansa, skriv Bloomberg.
Samstundes er det gjort avtale om store gassleveransar frå USA til Europa.
Krigen har også ført til at den norske regjeringa vil opprette ei beredskapsordning for lagring av korn og mjøl. Truleg skal private aktørar står for lagringa, men staten skal betale.
Landbruksdirektoratet har sett i verk ei utgreiing om spørsmål, og blant alternativa er at daglegvarekjedene skal stå for beredskapslagringa av mjøl. Dei skal også vurdere om matmjølmøllene skal gjere dette, eller om det beste vil vere ein kombinasjon, melder Nationen.
Elektrisk dominerer
Nye tal frå Opplysningsrådet for Veitrafikken (OFV) viser at 8 av 10 privatpersonar som kjøpte bil i 2021, valte elektrisk.
Heile 110.000 elbilar vart selde i Norge i fjor.
Fleire selskap har elles lansert nye grøne satsingar siste dagane, som Norsk Hydro som skal bruke seks millionar kroner til solceller på taket på hovudkontoret i Oslo.
Grøn kyrkje
Også Den norske kyrkja tenker grønt, Kyrkjerådet har vedteke at Den norske kyrkja skal flytte investeringane sine ut av fossil energi, melder Vårt Land. Målet er å vere heilt fossilfri innan 2023.
På kyrkjerådsmøtet fredag vart det bestemt at Kyrkja skal byrje ei gradvis utfasing der dei er fossilfrie innan 2023 og seinast innan utgangen av året etter.
Publisert: 25.03.2022 16:57
Sist oppdatert: 25.03.2022 17:28