Atlantic Sapphire blei dagens tapar på Oslo børs med eit fall på nær 20 prosent.
Det var også mest raude tal for kursutviklinga for dei andre børsnoterte selskapa med adresse på Nordvestandet. Havila Kystruten hadde den beste børsdagen av selskapa frå regionen, med ei auke på 0,29 prosent til 0,70 kroner.
Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka
Før børsen opna måndag melde Atlantic Sapphire om resultatet frå ein emisjon som sikra selskapet 850 millionar kroner i ny eigenkapital og lån.
Les også
Storaksjonærane i Nordlaks, Condire Management og Petter Stordalen-kontrollerte Strawberry hadde garantert for at kapitalutvidinga skulle bli fullteikna.
Måndag ettermiddag sende selskapet ut ei oversikt som viste dei nye eigarposisjonane. Nordlaks og Condire Management har no nær 20 prosent av aksjane i selskapet kvar, medan Strawberry har drygt 8,5 prosent.
Atlantic Sapphire har møtt ei rekke utfordringar med sin landbaserte oppdrett av laks utanfor Miami i USA. Aksjekursen kollapsa etter nyheita om emisjonen i august, som ble gjort med solid rabatt samanlikna med kursen på det tidspunktet.
Hovudindeksen på Oslo børs fall også i løpet av måndagen, og enda på 1442,48 poeng.
Børstabell for Nordvestlandet:
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Havila Kystruten | kr 0,70 | 0,29 % |
Norva 24 Group* | kr 29,65 | 0,17 % |
Sparebanken Møre | kr 82,01 | 0,01 % |
Hexagon Composites | kr 41,10 | 0,00 % |
Endúr | kr 59,00 | -0,51 % |
Romsdal Sparebank | kr 116 | -0,60 % |
Golden Energy Offshore Services | kr 25,70 | -1,15 % |
Hav Group | kr 8,70 | -1,58 % |
Salmon Evolution | kr 6,78 | -1,74 % |
Hofseth Biocare | kr 1,53 | -3,48 % |
Hexagon Purus | kr 8,96 | -4,38 % |
Havila Shipping | kr 3,41 | -5,81 % |
Arctic Bioscience | kr 13,00 | -6,47 % |
Atlantic Sapphire | kr 0,21 | -19,56 % |
* Kurs i SEK | ||
Publisert: 07.10.2024 17:02
Sist oppdatert: 07.10.2024 17:02