Troll
OPPTUR: Havila Troll, eitt av skipa til Havila Shipping som var i arbeid i jula på oljefelta vest av Sandnessjøen. Aksjekursen har gått opp 228,5 prosent på årsbasis. Foto: Havila Shipping
Nytt

Børsdagen: Litt lysning i offshore

På ein flat børsdag heldt fleire offshore- og oljeserviceselskap fram oppturen.

27.12.2022

Ein av børsvinnarane tysdag var Solstad Offshore, som steig 9,37 prosent etter å ha stige nesten sju prosent siste handledagen før jul, etter å ha sikra kontraktar til 500 millionar kroner.

Også Havila Shipping og Golden Energy Offshore Services steig tysdag etter at oljeprisen steig 3,68 prosent til 85,35 dollar for eit fat nordsjøolje. For Havila Shipping er kursauken 50,1 prosent siste tre månader og 228.5 prosent på årsbasis.

Fall for Kystruten og Statt Torsk
Langt verre vart første handledag i romjula for Havila Kystruten, som fall ytterlegare 1,82 prosent til 10,80 kroner aksjen, godt under emisjonskursen på 12,00 kroner. Dermed heng den varsla reperasjonsemisjonen i ein tynn tråd.

Aller mest fall av selskapa i nordvest hadde Statt Torsk, med 6,78 prosent, utan at det kom nyheiter frå selskapet.

Eqva gjorde det best, med ein kursauke på 2,38 prosent.

Hovudindeksen enda opp 0,02 prosent til 1.99,95 poeng. Dermed må indeksen opp minst 0,12 prosent for å ende i pluss for året.

Børsdagen i nordvest
Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Eqva 3,01 2,38 %
Golden Energy Offshore Services 1,36 2,26 %
Sparebanken Møre 78,48 1,26 %
Endúr 32 0,63 %
Havila Shipping 11,86 0,51 %
Hav Group 8,7 0,12 %
Nortel 20 0,00 %
Salmon Evolution 8,27 -0,24 %
Norva24 Group* 32,9 -0,26 %
Hexagon Purus 22,44 -0,27 %
Hofseth Biocare 2,66 -0,37 %
Arctic Bioscience 12,9 -0,39 %
Havila Kystruten 10,8 -1,82 %
Atlantic Sapphire 7,45 -2,10 %
Hexagon Composites 27,7 -2,67 %
Statt Torsk 1,58 -6,78 %
* I svenske kroner. Selskapet er registrert på Stockholms-børsen

Publisert: 27.12.2022 16:56

Sist oppdatert: 27.12.2022 17:08