Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka
Etter eit år der aksjekursen stort sett har peika nedover, fekk Havila Kystruten ein liten opptur måndag.
Aksjen var dagens vinnar av selskapa frå Nordvestlandet med ein oppgang på nær 12 prosent. Auken skjer frå eit lågt nivå og sluttkursen enda på 0,56 kroner.
Reiarlaget leverer tall for 3. kvartal onsdag denne veka.
Golden Energy Offshore som blei straffa av investorane etter å ha levert tal førre veke, henta seg litt tilbake med ein oppgang på drygt 6 prosent på vekas første dag.
Hovudindeksen på Oslo børs starta veka med ein svak oppgang på 0,21 prosent til 1471,70 poeng. Det var nok til ei ny toppnotering, etter at børsen steig til «all time high» fredag.
Børstabell for Nordvestlandet:
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Havila Kystruten | kr 0,56 | 11,78 % |
Golden Energy Offshore Services | kr 18,30 | 6,09 % |
Hexagon Purus | kr 5,35 | 2,88 % |
Hav Group | kr 7,10 | 1,14 % |
Endúr | kr 63,20 | 1,12 % |
Arctic Bioscience | kr 2,02 | 1,00 % |
Atlantic Sapphire | kr 0,08 | 0,79 % |
Romsdal Sparebank | kr 123,96 | -0,02 % |
Norva 24 Group* | 27,15 kr | -0,37 % |
Sparebanken Møre | kr 92,90 | -0,52 % |
Havila Shipping | kr 2,50 | -0,60 % |
Hofseth Biocare | kr 1,29 | -0,77 % |
Salmon Evolution | kr 6,70 | -1,90 % |
Hexagon Composites | kr 44,80 | -1,97 % |
* Kurs i SEK | ||
Publisert: 25.11.2024 17:26
Sist oppdatert: 25.11.2024 17:26