Seks av dei 12 største børstaparane på Oslo Børs i dag er offshorereiarlag, med Havila Shipping (minus 20,73 prosent) med den største kursfallet (sjå tabell)
Offshore-aksjar har vore vinden sidan i fjor, men i dag fekk fleire eit kraftig tilbakeslag.
Havila Shipping sjølv har ikkje kome med nye børsmeldingar sidan 25. mai, då det kunne fortelje at generalforsamlinga var halden og at alle saker vart vedtatt slik som foreslått.
Forklaringa på kursfallet ligg ikkje hos Havila Shipping, men hos i internasjonal frykt for konsekvensen av prisstiging og renteauke. I staden for å få fart på økonomien er sentralbankane i staden blitt opptatt av å kjøle den ned, og investorane er no redde nedkjølinga skal blir så sterk at ein økonomisk nedtur er i vente.
På New York-børsen fall ein av hovudindeksane, Standard & Poor 500, med 2,91 prosent fredag førre veke. Det smitta over på Europa-børsane i dag, medrekna Oslo Børs. der hovudindeksen fall 3,13 prosent i dag.
Då børsen i New York opna igjen i ettermiddag norsk tid fall Standard & Poor 500-indeksen ytterlegare over to prosent.
Uvissa for utviklinga framover blei større då amerikansk statistikk fortalde at prisane på forbruksvarer i USA var 8,6 prosent høgare i mai i år enn mai i fjor. Det var høgare enn venta og fekk fleire til å frykte enda større renteauke frå den amerikanske sentralbanken, skriv The Wall Street Journal.
Uvisse betyr større svingingar på børsen i takt med korleis forventningar til framtida svingar, og det fekk vi sett eit døme på i dag.
NETT NO har tatt Smartcraft ut av tabellen over børsnoterte selskap på Nordvestlandet.
I mai flytta Smartcraft hovudkontoret til frå Ålesund til Hønefoss. Selskapet har heller ikkje hovudtyngda av verksemda si på Nordvestlandet, eller store aksjonærar frå Nordvestlandet. Unntaket er Bernt Ulstein sitt selskap B. Ulstein, som eig 6,26 prosent i selskapet. Han var ein av grunnleggarane av eitt av selskapa som i dag er ein del av Smartcraft.
NETT NO har tatt med selskapet Norva24 Group, som har hovudkontor i Stryn og som også spring ut av industrimiljøet der. Norva24 er notert på børsen i Stockholm, i svenske kroner.
Industrikonsernet Endúr, der aksjekursen i dag er under ei krone, skal gjennomføre ein såkalla omvendt splitt der 50 gamle aksjar blir gjort om til ein ny, fortel selskapet i ei børsmelding.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Atlantic Sapphire | 22,62 | 5,70 % |
Norva24 Group * | 33,4 | 4,30 % |
Havyard Group | 8,7 | 1,16 % |
Statt Torsk | 2,32 | -1,28 % |
Hofseth Biocare | 3,66 | -1,61 % |
Nortel | 18 | -2,17 % |
Hav Group | 14,06 | -4,35 % |
Salmon Evolution | 8,09 | -4,37 % |
Sparebanken Møre | 74,1 | -4,51 % |
Havila Kystruten | 16,85 | -6,13 % |
Arctic Bioscience | 15 | -6,25 % |
Hexagon Composites | 28,64 | -7,73 % |
Hexagon Purus | 27,08 | -9,85 % |
Endúr | 0,543 | -10,25 % |
Golden Energy Offshore Services | 2,66 | -11,33 % |
Havila Shipping | 22,75 | -20,73 % |
*I svenske kroner |
Publisert: 13.06.2022 17:00
Sist oppdatert: 13.06.2022 17:00