Oslo børs
OPPGANG: Hovudindeksen på Oslo børs steig onsdag med 0,26 prosent til 1512,95 poeng. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Mellombels stopp i aksjehandel

Store svingingar i Arctic Bioscience-kursen fekk børsen til å sette handel på pause.

07.05.2025

Tysdag var kursen på Arctic Bioscience-aksjen 3,40 kroner.  Då børsen opna onsdag var kursen 3,15 kroner, før den spratt opp i 3,78 kroner aksjen.

Børshandelen ble mellombels stoppa i ettermiddag medan børsen rutinemesssig undersøkte om det var noko uregelmessig, før handelen opna igjen like etter klokka 15.00.

Ved stengetid hadde kursen falle 5,88 prosent til 3,20 kroner. 

Berre få og små aksjepostar er handla i selskapet i løpet av dagen, noko som gjer at det skal relativt lite til for å skape store svingingar i aksjekursen når kvar aksje er verdt få kroner. 

Arctic Bioscience lagar helsekostprodukt basert på silderogn og arbeider med å få legemiddelgodkjent eit silderognbasert middel mot hudsjukdomen psoriasis. Det endelege resultatet av ein eitt år lang medisinsk studie skal vere klar i juni og deretter skal selskapet sette fart i arbeidet med å finansiere ein ny og tredje medisinsk studie. Først då kan selskapet få ei eventuell godkjenning. 

Dei mellombelse resultata frå studien er oppmuntrande melde selskapet tidlegare i vår, men kor oppmuntrande resultatet er, vil investorane først få vite om ein månads tid. Etter at dei mellombelse resultata frå studien kom har kursen falle frå årets toppnivå på 6,10 kroner aksjen i mars i år.

Børstabell for Nordvestlandet: 

SelskapKurs i kroner%-Endring i dag
Arctic Biosciencekr
3,20
-5,88
Atlantic Sapphirekr                   6,50 1,56 %
Endúrkr                86,90 2,00 %
Golden Energy Offshore Serviceskr                17,50 0,29 %
Hav Groupkr                   6,84 0,59 %
Havila Kystrutenkr                   1,05 -1,87 %
Havila Shippingkr                   1,24 0,81 %
Hexagon Compositeskr                17,82 -1,44 %
Hexagon Puruskr                   1,54 -1,14 %
Hofseth Biocarekr                   2,03 1,50 %
Norva 24 Group*36,50 kr  0,69 %
Romsdal Sparebankkr              125,86 0,69 %
Salmon Evolutionkr                   5,97 -0,50 %
Sparebanken Mørekr              100,32 1,49 %
* Kurs i SEK  
   

Publisert: 07.05.2025 15:32

Sist oppdatert: 07.05.2025 16:54