Statt Torsk Gustave Brun Lie foto Statt Torsk
AV BØRS: Statt Torsk-sjef Gustave Brun Lie blir kompanjong med Vesterålingar og seier farvel til børsen i denne omgang. Foto: Statt Torsk
Nytt

Børsdagen: Mot børs-slutt for Statt Torsk

Har søkt om stryking frå notering på Oslo Børs.

22.12.2023

Statt Torsk skal bli ein del av den større konkurrenten Vesterålen Havbruk, som torskeoppdrettselskapet har meldt om tidlegare i år.

Den samanslåinga inneber også at selskapet ikkje lenger vil vere børsnotert, og i dag har selskapet sendt søknand om å stryking frå notering på børsen.

Les børsmelding her

Tidlegare i år har det børsnoterte mobiltelefoniselskapet Nortel i Ålesund blitt kjøpt opp av konkurrenten Unifon, og forsvann dermed også frå børsen.

Eqva, tidlegare Havyard Group, har ikkje planar om å gå av børs, men har ikkje lenger aktivitet på Nordvestlandet og har nyeleg bestemt seg for å flytte hovudkontoret frå Fosnvåg til Kvinnherad, nærare dagens majoritetseigararar og bedriftene i konsernet.

Artikkelen er oppdatert med aksjekursar for børsnoterte selskap på Nordvestlandet, etter at børshandelen blei stengt for dagen.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Arctic Bioscience 9,10 7,06 %
Eqva (tidl. Havyard Group) 3,24 4,52 %
Hexagon Composites 26,72 1,98 %
Salmon Evolution 6,65 0,45 %
Hofseth Biocare 2,70 0,37 %
Sparebanken Møre 81,00 0,35 %
Norva 24 Group* 23,90 0,21 %
Havila Kystruten 0,77 0,00 %
Hav Group 9,82 -0,81 %
Hexagon Purus 10,72 -1,11 %
Endúr 37,00 -1,86 %
Golden Energy Offshore Services 1,40 -2,10 %
Statt Torsk 0,77 -2,78 %
Havila Shipping 5,37 -4,45 %
Atlantic Sapphire 1,75 -4,59 %
* Kurs i SEK

Publisert: 22.12.2023 12:12

Sist oppdatert: 22.12.2023 16:50