Børsdagen: Nesten tilbake til start
Verdien av eigenkapitalbevisa i Romsdal Sparbank har falle nesten tilbake til nivået ved børsnotering.
Då Romsdal Fellesbank gjekk på børs i april 2020 var kursen like over 106 kroner. I mars 2022 hadde den klatra 32 prosent, til over 140 kroner.
Deretter har det gått nedover, spesielt frå i fjor sommar. Samanlikna med for 12 månadar sidan er kursen no 15,20 prosent lågare, som tilsvarar 110 kroner per eigenkapitalbevis.
I april henta banken inn 88 millioner kroner i ny eigenkapital i ei retta kapitalutviding til 107 kroner per eigenkapitalbevis.
Kapitalutviding auka talet på eigenkapitalbevis med 822.429, frå 1.964.700
Kvartalstala for 1. kvartal, som kom denne veka, viser betra lønsemd samanlikna med same periode i fjor. Banken auka utlåna med 7,33 prosent i siste 12-månadersperiode.
Største eigar av eigenkapitalbevisa i banken er Oskar Sylte Invest, med 5,37 prosent.
Romsdal Sparebank | ||
1. kvartal. I mill. kroner | 2024 | 2023 |
Inntekt | 52,9 | 48,6 |
Resultat før tap | 25,7 | 19,9 |
Resultat før skatt | 22,9 | 20,8 |
Artikkelen er oppdatert, med aksjekursar for børsnoterte selskap på Nordvestlandet, etter at børsen stengde for dagen.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Havila Kystruten | 0,99 | 9,78 % |
Hofseth Biocare | 2,23 | 4,69 % |
Endúr | 49,00 | 1,24 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,80 | 0,56 % |
Sparebanken Møre | 84,40 | 0,24 % |
Hav Group | 10,65 | 0,00 % |
Atlantic Sapphire | 1,08 | -0,18 % |
Romsdal Sparebank | 110,00 | -0,43 % |
Hexagon Purus | 7,39 | -0,81 % |
Norva 24 Group* | 26,90 | -1,10 % |
Havila Shipping | 6,03 | -1,47 % |
Arctic Bioscience | 9,80 | -1,51 % |
Salmon Evolution | 7,37 | -1,73 % |
Hexagon Composites | 23,75 | -3,46 % |
* Kurs i SEK |
Publisert: 15.05.2024 16:20
Sist oppdatert: 15.05.2024 17:07