Atlantic sapphire byggetrinn to mai 2022 foto atlantic sapphire 11
VIL UTVIDE: Atlantic Sapphire har planar om å trappe opp produksjonen med byggesteg nummer to. Det vil kreve betydeleg kapital for å kome i mål. Foto: Atlantic Sapphire
Nytt

Børsdagen: Ny botn for landbasert oppdrett

Barbert kursmål og stort kapitalbehov for Atlantic Sapphire.

Marius Rosbach
11.03.2024

Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka

Atlantic Sapphire sank til ny botnnotering måndag og vart taparen av dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet.

Sluttkursen var på 0,95 kroner etter eit fall på drygt 11 prosent i løpet av dagen.

Selskapet som satsar på landbasert oppdrett i USA, har hatt ein rekke problem og henta nyleg inn pengar til ein kurs på 1,2 kroner. I ein rapport om landbasert oppdrett frå Sparebank 1 Markets blir kursmålet barbert frå 1,4 til 0,65 kroner, ifølgje Dagens Næringsliv.

Meklarhuset meiner også at lakseoppdrettsselskapet vil trenge ny eigenkapital på heile 140-150 millionar dollar – eller kring 1,5 milliardar kroner – for å finansiere delar av den planlagde ekspansjonen.

Ifølgje Sparebank Markets må teikningskursen falle til kring 0,3 kroner for at investorane skal vere interesserte. «Lykke til med den», skriv børskommentaren i avisa.

Ifølgje analysen må selskapet både klare å kome i balanse på ebitda – resultat før ned- og avskrivingar – og få på plass ei langsiktig finansieringspakke.

Det andre byggesteget for selskapet er utsett fleire gonger, og no er det anslått produksjonsstart for dette anlegget til siste halvdel av 2027.

Hovudindeksen på Oslo børs fall med heile 0,9 prosent og enda på 1267,61 poeng.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Havila Kystruten kr 0,69 3,61 %
Golden Energy Offshore Services kr 1,55 3,33 %
Arctic Bioscience kr 9,74 2,10 %
Sparebanken Møre kr 88,60 1,14 %
Norva 24 Group* kr. 24,95 1,01 %
Hofseth Biocare kr 2,28 0,00 %
Statt Torsk kr 0,53 0,00 %
Endúr kr 40,30 0,00 %
Hav Group kr 10,90 -0,46 %
Romsdal Sparebankekr 119-0,83 %
Havila Shipping kr 3,70 -1,07 %
Salmon Evolution kr 6,05 -1,79 %
Hexagon Composites kr 19,48 -2,31 %
Hexagon Purus kr 5,96 -7,88 %
Atlantic Sapphire kr 0,95 -11,22 %
* Kurs i SEK

Publisert: 11.03.2024 17:34

Sist oppdatert: 11.03.2024 17:34

Mer om