Ein refinansieringsavtale frå 2020 er årsaka til at Islandbanki (6,95 prosent eigarandel), Eksfin (10,74 prosent) og Sparebank1 SMN (9,12 prosent) no er blitt medeigarar i det børsnoterte offshorereiarlaget Havila Shipping.
Avtalen gav långivarane mellom anna rett til å gjere om gjeld til aksjar ved utløpet av 2024. I dag, 30. desember forfell 1,022 milliardar av gjelda til betaling. 522 millionar kroner blir gjort om til aksjar, 500 millionar kroner blir gjort opp kontant.
Ventar eitt år
Eigarane av 151 millionar kroner i renteberande gjeld har forlenga låneavtalen ut 2025. Dei eig og ei ikkje renteberande gjeld på 617 millionar kroner.
Desse långivarane får gjort om gjeld til aksjar som er berekna å utgjere ein eigarandel på 25,5 prosent, ifølgje ei børsmelding frå 1. okotber i år. Sidan låneavtalen er forlenga vil konverteringa først skje ved utløpet av 2025 og den endelege eigarandelen kan bli redusert at gjelda blir nedregulert undervegs.
Havila Holding eig 51 prosent av Havila Shipping. Havila Holding er også medeigar i Bakkar og Berg Media, som gir ut Nett No.
Artikkelen er oppdatert, mellom anna med aksjekursar for børsnoterte selskap på Nordvestlandet, etter at handelen på børsen stengde i ettermiddag.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Atlantic Sapphire | 0,09 | 7,18 % |
Sparebanken Møre | 97,00 | 4,86 % |
Hexagon Purus | 5,60 | 0,72 % |
Romsdal Sparebank | 125,38 | 0,63 % |
Salmon Evolution | 6,68 | 0,60 % |
Hexagon Composites | 45,50 | 0,55 % |
Havila Kystruten | 0,70 | 0,29 % |
Golden Energy Offshore Services | 19,60 | 0,00 % |
Endúr | 69,40 | -0,57 % |
Hofseth Biocare | 1,70 | -1,16 % |
Hav Group | 6,28 | -1,26 % |
Norva 24 Group* | 26,15 | -3,15 % |
Arctic Bioscience | 1,83 | -6,15 % |
Havila Shipping | 1,70 | -15,84 % |
* Kurs i SEK |
Publisert: 30.12.2024 11:34
Sist oppdatert: 30.12.2024 16:48