Per Ivar Fagervoll foto Golden Energy Offshore Services
DAGENS BØRSVINNAR PÅ NORDVESTLANDET: Per Ivar Fagervoll er sjef for offshorereiarlaget Golden Energy Offshore i Ålesund. Foto: Golden Energy Offshore Services
Nytt

Børsdagen: Opp på optimistisk melding

Golden Energy Offshore Services trur marknaden skal blir enda betre.

04.07.2023

Alle tre forsyningsskipa til Golden Energy Offshore Services er i arbeid, og tener i gjennomsnitt 17.262 dollar ( 183.840 kroner) fortel selskapet i ei oppdatering om status for selskapet i dag.

Les børsmelding her

Børsmeldinga er relativt kortfatta; Energy Swan er utleigd på ei lengre kontrakt med Repsol N, Energy Empress er utleigd på ei lengre kontrakt i Karibia og Energy Duchess er utleigd i spotmarknaden.

Marknaden er i betring i fleire regionar og Energy Duchess er i ein god posisjon til å dra fordel av fleire moglege sjansar i marknaden, ifølgje børsmeldinga.

Børsmeldinga vart sendt ut like før klokka 14.00 i dag. Då hadde det allereie vore handla aksjar i selskapet til dagens toppkurs, 1,20 kroner aksjen. Kursen steig på nytt til det nivået før den enda på 1,18 kroner ved børsslutt. Det er ein oppgang på 12,19 prosent sidan i går, og var den største kursauken blant dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Golden Energy Offshore Services 1,18 12,19 %
Havila Kystruten 1,15 5,99 %
Hexagon Composites 29,08 4,98 %
Salmon Evolution 6,56 3,14 %
Hav Group 9,18 0,88 %
Norva 24* 25,95 0,39 %
Endúr 38,70 0,26 %
Nortel 29,00 0,00 %
Sparebanken Møre 75,90 -0,24 %
Eqva (tidlegare Havyard Group) 2,99 -0,33 %
Statt Torsk 0,60 -0,33 %
Atlantic Sapphire 6,38 -0,78 %
Havila Shipping 12,30 -1,76 %
Hexagon Purus 19,82 -2,36 %
Hofseth Biocare 2,52 -3,82 %
Arctic Bioscience 9,74 -6,79 %
*Svenske kroner

Publisert: 04.07.2023 16:55

Sist oppdatert: 05.07.2023 16:52