Kongsberg Maritime Ulsteinvik utvending foto Marius
ULSTEINVIK: Den maritime verksemda står for mest av inntektene i Kongsberg Gruppen, men det var utsiktene for konsernet sin våpenverksemd som gjorde at aksjen steig til nye rekordnivå måndag. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Børsdagen: Opprusting sette fyr i Kongsberg-aksjen

Ny «all time high» etter helgas storpolitiske hendingar.

Marius Rosbach
03.03.2025

Sjå børstabell for Nordvestlandet under

Utsiktene til ei kraftig opprusting mellom dei europeiske landa, gjorde at Kongsberg-aksjen sette fart oppover på Oslo børs måndag. 

I løpet av kort tid spratt kursen opp frå 1364 kroner til 1500 kroner aksjen. Utover dagen gjekk kursen vidare opp og kursen enda på 1582 kroner - ny  «all time high» etter en ein oppgang på 15,9 prosent. 

Kursen til konsernet som mellom anna lagar våpen og skipsutstyr, var synkande til midten av februar. Dei siste vekene har den peika opp igjen, i takt med eit auka spenningsnivå internasjonalt – fram til måndagens rakettferd. 

Kongsberg Gruppen er desidert mest omsett på Oslo børs  i løpet av dagen.

Hovudindeksen steig også kraftig då handelen starta for veka. I løpet av kort tid gjekk den over 1500 poeng. 

Dagen senda på 1507,41 - opp 1,19 prosent i løpet av dagen.

Arctic Bioscience hadde den beste starten av selskapa frå Nordvestlandet med ein oppgang på drygt ni prosent til 5,20 kroner. Ørsta-selskapet leverte kvartalstal førre veke, og ventar på resultatet av ein stor studie. Aksjen fall tilbake utover dagen og enda på 4,90 kroner - opp drygt to prosent i løpet av dagen. 

I staden vart Hav Group dagens vinnar av selskapa frå nordvest med ein oppgang på åtte prosent til 6,14 kroner.

Atlantic Sapphire vart taparen av selskapa frå regionen med eit fall på ti prosent. Førre veke melde lakseoppdrettarane at dei trengde meir tid på å kome i balanse, og at dei vil hente inn meir pengar i løpet av året. 

Børstabell for Nordvestlandet:

SelskapKurs i kroner%-endring i dag
Hav Groupkr                   6,14 7,72 %
Havila Shippingkr                   1,46 5,34 %
Arctic Biosciencekr                   4,90 2,94 %
Hexagon Puruskr                   1,90 0,96 %
Sparebanken Mørekr                98,01 0,32 %
Endúrkr                72,70 0,28 %
Hofseth Biocarekr                   2,96 -0,34 %
Salmon Evolutionkr                   6,34 -0,78 %
Romsdal Sparebankkr              125,30 -0,95 %
Golden Energy Offshore Serviceskr                18,70 -1,32 %
Norva 24 Group*24,40 kr  -1,81 %
Hexagon Compositeskr                24,10 -3,98 %
Havila Kystrutenkr                   0,80 -8,05 %
Atlantic Sapphirekr                   5,40 -10,00 %
* Kurs i SEK  
   

Publisert: 03.03.2025 12:33

Sist oppdatert: 03.03.2025 17:18

Mer om