I går ettermiddag var Havila Kystruten verdsett til 1,03 kroner aksjen. Det er det lågaste nivået aksjekursen i selskapet har vore, og 0,07 kroner under emisjonskursen i førre veke, der selskapet henta inn omlag 760 millionar kroner i ny eigenkapital.
Fem minutt etter at børshandelen opna i dag kom Havila Kystruten med melding om at ein investor hadde foreslått eit alternativ til å ta opp eit obligasjonslån på omlag 3,8 milliardar kroner, slik Havila Kystruten arbeidde med.
Den meldinga likte investorane i aksjemarknaden, sjølv om det ikkje er opplyst om kven som er den potensielle långivaren, eller kva som er vilkåra for ein avtale med Havila Kystruten.
På det høgaste i dag vart aksjen handla til 1,41 kroner aksjen. Sluttkurs blei 1,25 kroner, opp 21,36 prosent sidan i går.
| Børsdagen | ||
| Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
| Havila Kystruten | 1,25 | 21,36 % |
| Atlantic Sapphire | 7,18 | 3,61 % |
| Hofseth Biocare | 2,84 | 3,27 % |
| Havila Shipping | 11,52 | 2,86 % |
| Golden Energy Offshore Services | 1,12 | 1,64 % |
| Salmon Evolution | 6,23 | 1,30 % |
| Arctic Bioscience | 9,30 | 0,87 % |
| Eqva (tidlegare Havyard Group) | 2,93 | 0,00 % |
| Nortel | 30,00 | 0,00 % |
| Sparebanken Møre | 76,50 | -1,61 % |
| Statt Torsk | 0,60 | -1,64 % |
| Norva 24* | 26,00 | -2,07 % |
| Endúr | 38,20 | -2,55 % |
| Hav Group | 8,96 | -3,66 % |
| Hexagon Composites | 25,20 | -4,04 % |
| Hexagon Purus | 19,48 | -4,28 % |
| *Svenske kroner |
Publisert: 27.06.2023 17:42
Sist oppdatert: 27.06.2023 17:42





