Statt torsk oppdrettsanlegg foto statt torsk
Illustrasjonsfoto: Statt Torsk
Nytt

Børsdagen: Opptur før strykning

Sjekk børstabellen for Nordvestlandet.

Marius Rosbach
09.01.2024

Sjå børstabell for Nordvestlandet under

Hovudindeksen på Oslo børs enda flatt med eit svakt fall på 0,08 prosent og 1302,91 poeng.

Eit fat nordsjøolje blei selt for meir enn 77 dollar etter ein oppgang på nær 1,2 prosent i løpet av dagen.

Likevel gjekk offshorereiarlaget Golden Energy Offshore mest ned av aksjane frå Nordvestlandet.

Sett frå regionen inneheldt ikkje dagen større nyheiter for investorane. Statt Torsk-aksjen gjekk mest opp av dei børsnoterte selskapa i nordvest. Sluttkursen på 0,66 kroner aksjen prisar selskapet til 140 millionar kroner.

Det er venta at torskeoppdrettsselskapet i løpet av kort tid blir stroke frå børsen. Selskapet skal slå seg saman med Vesterålen Havbruk, som ikke er børsnotert.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Statt Torsk kr 0,66 17,44 %
Hexagon Purus kr 10,14 1,20 %
Norva 24 Group* 23,10 kr 0,43 %
Sparebanken Møre kr 84,00 0,00 %
Havila Shipping kr 5,41 -0,18 %
Salmon Evolution kr 6,90 -0,58 %
Eqva (tidl. Havyard Group) kr 3,12 -0,95 %
Arctic Bioscience kr 10,00 -0,99 %
Atlantic Sapphire kr 1,58 -1,13 %
Hexagon Composites kr 26,84 -1,32 %
Hofseth Biocare kr 2,60 -1,52 %
Hav Group kr 9,68 -1,63 %
Havila Kystruten kr 0,71 -1,65 %
Endúr kr 39,40 -2,72 %
Golden Energy Offshore Services kr 1,30 -6,73 %
* Kurs i SEK

Publisert: 09.01.2024 17:16

Sist oppdatert: 09.01.2024 17:16