Johan Andreassen Atlantic Sapphire GATH 2022 foto Ogne
FORRETNINGADRESSE VESTNES: Johan Andreassen (i forgrunnen) er medgrunnleggar og medeigar i Atlantic Sapphire. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Opptur for Atlantic Sapphire

Opp over 58 prosent på ein månad.

09.06.2023

Atlantic Sapphire er blant vinnarane på Oslo børs i dag. Klokka 15:32 er kursen 7,51 kroner aksjen, opp 5,03 prosent sidan børsen stengte i går.

Selskapet med hovudkontoradresse på Vestnes og eit landbasert oppdrettsanlegg ved Miami i Florida fekk eit alvorleg tillitsproblem då det melde om biologiske problem for framskunda slakting i oktober i fjor.

I løpet av få dagar raste kursen ned frå 12,90 til 4,68 kroner aksjen, og tilliten til selskapet har hittil ikkje henta seg inn at etter det.

I januar i år kom en positiv analyse som løfta kursen over 10 kroner ei kort stund, før den i starten av mai fall ned under fem kroner igjen.

Sidan 10. mai har kursen imidlertid stige igjen.

Artikkelen er oppdatert etter børsen stengte i ettermiddag, mellom anna med børskursar for selskap på Nordvestlandet

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Havila Kystruten 4,24 6,00 %
Atlantic Sapphire 7,51 5,03 %
Statt Torsk 0,48 4,13 %
Hexagon Purus 22,65 2,26 %
Arctic Bioscience 10,00 2,25 %
Salmon Evolution 6,77 1,20 %
Norva 24* 27,35 0,92 %
Golden Energy Offshore Services 1,12 0,36 %
Sparebanken Møre 75,00 -0,13 %
Hav Group 9,70 -0,82 %
Hexagon Composites 27,84 -1,49 %
Havila Shipping 14,00 -1,82 %
Nortel 32,00 -1,84 %
Hofseth Biocare 2,79 -3,46 %
Endúr 39,90 -3,86 %
Eqva (tidlegare Havyard Group) 2,91 -6,13 %
*Svenske kroner

Publisert: 09.06.2023 15:42

Sist oppdatert: 09.06.2023 16:55