Arctic bioscience montasje per christian sæbø fabrikk foto marius illustrasjon arctic bioscience 11
FABRIKKPLANAR: Arctic Bioscience har planar om å bygge legemiddelfabrikk i Hovdebygda, men byggestarten er utsett. Per Christian Sæbø (t.v.) frå bioteknologiselskapet fortel her om prosjektet. Arkivfoto: Marius Rosbach/Illustrasjon Arctic Bioscience
Nytt

Børsdagen: Opptur for bioteknologi

God veke for Arctic Bioscience.

Marius Rosbach
02.01.2024

Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka

Hovudindeksen på Oslo børs enda om lag flatt mot slutten av den første børsdagen i 2024.

Etter å ha skote i veret ved starten av dagen, slutta hovudindeksen på 1307,06 poeng og ein oppgang på 0,03 prosent.

Arctic Bioscience er mellom aksjane frå Nordvestlandet som har hatt ei god veke, med ei kursauke på drygt 20 prosent. Tysdag var aksjen opp kring 4,8 prosent til 11 kroner.

Også Hav Group og Atlantic Sapphire fekk ein oppgang på kring fem prosent på årets første dag.

I andre enden av skalaen var Statt Torsk, som snart blir stroke frå børsen etter samanslåinga med Vesterålen Havbruk.

Sparebanken Møre fekk ein svak start på året med eit fall på drygt 3,5 proent til 81,01 kroner aksjen.

Oljeprisen gjekk opp tysdag, men fall tilbake mot slutten av dagen. Ved stengetid på Oslo børs blei eit fat nordsjøolje handla for 77 dollar.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Atlantic Sapphire kr 1,69 5,09 %
Havila Shipping kr 5,66 5,01 %
Arctic Bioscience kr 11,00 4,76 %
Hexagon Purus kr 11,54 3,59 %
Hav Group kr 9,60 3,23 %
Golden Energy Offshore Services kr 1,45 2,55 %
Endúr kr 38,90 2,37 %
Hexagon Composites kr 29,36 1,66 %
Eqva (tidl. Havyard Group) kr 3,04 1,00 %
Norva 24 Group* 23,75 kr 0,21 %
Salmon Evolution kr 6,79 0,15 %
Havila Kystruten kr 0,74 -0,27 %
Hofseth Biocare kr 2,58 -1,53 %
Sparebanken Møre kr 81,01 -3,56 %
Statt Torsk kr 0,67 -6,94 %
* Kurs i SEK

Publisert: 02.01.2024 15:18

Sist oppdatert: 02.01.2024 16:56

Mer om