Morten Holum 3 Hexagon Purus Martime foto Ogne
OPPTUR: Hexagon Purus-sjef Morten Holum. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Opptur for Hexagon-aksjene

Også hovudindeksen peika opp - medan oljeprisen fall bratt.

Marius Rosbach
23.04.2025

Hexagon Purus og Hexagon Composites blei onsdagens klare vinnarar frå Nordvestlandet på Oslo børs. 

Førstnemnte aksje fekk ein oppgang på meir enn 23 prosent og sistnemnte meir enn 11 prosent. Sluttkursen for Hexagon Purus enda på 2,18 kroner og Hexagon Composites på 21 kroner. 

Nivået er likevel langt under der aksjane var ved inngangen til året. 

Hovudindeksen på Oslo børs fekk også ein solid opptur onsdag med ein oppgang på 1,15 prosent til 1453,9 poeng. 

Det er berre 2,03 prosent over nivået ved inngangen til året, etter at investormarknaden har hatt nokre svært turbulente veker. 

Oljeprisen peika derimot bratt nedover på ettermiddagen. Ved 17-tida var prisen for eit fat nordsjøolje falle 1,9 prosent i løpet av dagen til kring 65 dollar. Årsaka skal vere meldingar om at fleire Opec-land vil auke produksjonen, ifølgje Finansavisen

Børstabell for Nordvestlandet: 

SelskapKurs i kroner%-Endring i dag
Arctic Biosciencekr
4,41
-4,13 %
Atlantic Sapphirekr                   8,00 -0,22 %
Endúrkr                77,80 3,46 %
Golden Energy Offshore Serviceskr                17,40 -3,06 %
Hav Groupkr                   6,78 -2,02 %
Havila Kystrutenkr                   0,94 -2,48 %
Havila Shippingkr                   1,30 1,56 %
Hexagon Compositeskr                21,00 11,58 %
Hexagon Puruskr                   2,18 23,86 %
Hofseth Biocarekr                   1,94 -1,52 %
Norva 24 Group*36,35 kr  0,41 %
Romsdal Sparebankkr              121,02 0,00 %
Salmon Evolutionkr                   6,12 2,68 %
Sparebanken Mørekr                97,28 1,70 %
* Kurs i SEK  
   

Publisert: 23.04.2025 16:52

Sist oppdatert: 23.04.2025 16:56

Mer om