
Børsdagen: Små endringar i nordvest
Det svinga lite frå børsnoterte selskap på Nordvestlandet i dag.
Ei periode var kursen i Arctic Bioscience-aksjen ned 9,06 prosent frå førre handledag, men fekk eit løft då 500 aksjar vart omsett heilt på tampen, slik at kursfallet berre blei 1,20 prosent i dagt.
Arctic Bioscience produserere helsekost og utviklar legemiddel mothudsjukdomen psoriasis, basert på silderogn.
Då selskapet blei børsnotert i februar 2021 var kursen 28,50 kroner aksjen og nådde 30 kroner månaden etter. Sidan då har kursen stor sett gått nedover, til ein førebels botn på 7,82 kroner aksjen i oktober i fjor.
Selskapet er i gang med ei større internasjonale studie av det potensielle legemiddelet sitt. Dei første resultata frå studien skal vere klar til sommaren.
Artikkelen er oppdatert, mellom anna med børskursar for selskap på Nordvestlandet, etter børshandelen var over for dagen.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Hofseth Biocare | 2,45 | 2,08 % |
Hexagon Composites | 23,46 | 1,82 % |
Havila Kystruten | 0,81 | 1,75 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,43 | 0,70 % |
Eqva (tidl. Havyard Group) | 3,00 | 0,67 % |
Endúr | 41,50 | 0,48 % |
Hexagon Purus | 7,54 | 0,27 % |
Havila Shipping | 4,60 | 0,00 % |
Sparebanken Møre | 85,10 | 0,00 % |
Norva 24 Group* | 27,35 | 0,00 % |
Hav Group | 10,85 | -0,91 % |
Arctic Bioscience | 9,88 | -1,20 % |
Atlantic Sapphire | 1,70 | -1,62 % |
Salmon Evolution | 6,47 | -3,72 % |
* Kurs i SEK |
Publisert: 14.02.2024 15:43
Sist oppdatert: 14.02.2024 16:51