Kongsberg Gruppen hadde ein god dag på Oslo børs torsdag.
Då handelen stengte hadde aksjen auka 4,85 prosent i løpet av dagen, til 1.168 kroner aksjen.
Bakgrunnen var sterke tal for 3. kvartal som konsernet la fram tidleg på dagen. Dei viste at Kongsberg Maritime som i hovudsak har verksemd på Nordvestlandet, bidrog mest i positiv retning av de ulike forretningsområda.
Både inntektene, overskotet og ordreinngangen auka – mykje grunna ei bølgje med bestillingar av nybygg i fleire segment.
Atlantic Sapphire-aksjen steig mest av dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet. Likevel er kursen til det landbaserte selskapet framleis under 10 øre, etter å ha fått juling av investorane dei siste månadene.
Offshorereiarlaget Golden Energy Offshore Services fall mest av selskapa frå regionen på børs torsdag.
Hovudindeksen på Oslo børs steig med 0,45 prosent i løpet av dagen til 1446,48 poeng.
Børstabell for Nordvestlandet:
| Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
| Atlantic Sapphire | kr 0,09 | 5,63 % |
| Romsdal Sparebank | kr 120,80 | 0,68 % |
| Hexagon Composites | kr 38,50 | 0,26 % |
| Sparebanken Møre | kr 87,90 | -0,11 % |
| Norva 24 Group* | kr 30,25 | -0,17 % |
| Salmon Evolution | kr 6,59 | -1,20 % |
| Endúr | kr 58,10 | -1,36 % |
| Hav Group | kr 8,58 | -1,83 % |
| Hofseth Biocare | kr 1,45 | -2,03 % |
| Havila Shipping | kr 3,00 | -2,12 % |
| Hexagon Purus | kr 7,47 | -2,99 % |
| Arctic Bioscience | kr 1,85 | -3,14 % |
| Havila Kystruten | kr 0,70 | -4,50 % |
| Golden Energy Offshore Services | kr 25,00 | -7,41 % |
| * Kurs i SEK | ||
Publisert: 24.10.2024 17:33
Sist oppdatert: 24.10.2024 17:36






