Oslo børs
FALL: Hovudindeksen på Oslo Børs fall 0,49 prosent i dag. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Sparebanken Møre er neppe åleine

Fleire sparebankar kan kome til å få varsel frå Finanstilsynet om at eigarfordelinga må revurderast.

05.07.2024

Torsdag ettermiddag fekk Sparebanken Møre varsel om pålegg frå Finanstilsynet. Det heldt deler av staben vaken langt utover natta med å gjere klar ei børsmelding om varselet, før børsen opna i dag.

Andre sparebankar kan og få tilsvarande varsel.

"Finanstilsynet er i tilsynsarbeidet merksam på at problemstillinga kan vere aktuell i andre bankar. Dersom det blir avdekt liknande praksis, vil dette følgjast opp.", skriv Finanstilsynet i ein epost til Nett No.

Sparerbanken Møre er omlag 50/50 sjølveigd/eigd av eigenkapitalbeviseigarane. Når banken betalar utbytte skal det fordelast etter eigarbrøken. Eigenkapitalbeviseigarane får sin andel utbetalt, men den andelen som tilhører det sjølveigande eigarrskapen (grunnfondskapitalen) blir utbetalt til gode formål, såkalla gåvemidlar. Noko av gåvemidla blir utbetalt same år, andre blir sett av til seinere.

Det er dei avsetningene, og måten det blir gjort på, Finanstilsynet reagerer på.

"Finanstilsynet mener videre at resultatet av at gavemidler har vært bokført som andre forpliktelser og ikke som gavefond er at eierandelskapitalen over tid har fått en for stor andel av årets resultat. Dersom midlene hadde vært tilført bankens gavefond, ville det i de foregående år gitt lavere eierbrøk enn det som er lagt til grunn ved fordeling av overskudd og utbyttemidler. ", skriv banken i børsmeldinga.

Rekne på eigarfordelinga
Sparebanken Møre er ikkje samd med vurderingane Finanstilsynet har gjort, men dersom banken ikkje vinn fram med sine innvendingar må den rekne på eigarfordelinga mellom eigenkapitalbeviseigarane og den sjølveigde delen av banken, basert på rekneskapa frå og med 2014.

Kva som blir utfallet er uvisst, men reaksjonen på børsen var dempa. Eigenkapitalbevisa i Sparebanken Møre er børsnoterte og kursen var ned 1,83 prosent då børsen stengte i dag, samanlikna med sluttkursen i går.

Artikkelen er oppdatert, mellom anna med aksjekursar til børsnoterte selskap på Nordvestlandet, etter at børsen vart stengt i dag.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Havila Kystruten 0,99 10,44 %
Hofseth Biocare 2,07 3,50 %
Norva 24 Group* 29,50 1,03 %
Havila Shipping 6,09 0,83 %
Hexagon Composites 28,60 0,18 %
Romsdal Sparebank 110,50 0,00 %
Endúr 57,30 -0,35 %
Hexagon Purus 8,08 -0,49 %
Sparebanken Møre 82,95 -1,83 %
Hav Group 10,75 -2,71 %
Arctic Bioscience 10,40 -2,80 %
Salmon Evolution 7,26 -3,20 %
Golden Energy Offshore Services 30,80 -5,23 %
Atlantic Sapphire 7,47 -6,03 %
* Kurs i SEK

Publisert: 05.07.2024 15:56

Sist oppdatert: 05.07.2024 16:58