
Børsdagen: Spretten optimisme for laks på land
Lakseoppdrettar vart dagens vinnar frå nordvest.
Sjå børstabell for Nordvestlandet under
Atlantic Sapphire fekk kanskje nyte godt at ein artikkel i Finansavisen tysdag, med tittelen «Comeback for lakseoppdrett på land».
Saka fortalde at optimismen til fordel for landbasert oppdrett var tilbake, og fleire aksjar har stige den siste tida.
Utover tysdagen steig mellom anna Atlantic Sapphire-aksjen med over ti prosent. Sluttkursen på 1,20 kroner er samtidig langt under nivået frå inngangen av året, for selskapet som driv landbasert oppdrett i amerikanske Florida.
Også Salmon Evolution som driv landbasert lakseoppdrett på Indre Harøy i Romsdalen fekk ein opptur på drygt to prosent. I løpet av tysdagen, var aksjen nær ved å bikke åtte kroner for første gong sidan i fjor vår.
Sluttkursen enda litt under på 7,89 kroner.
Hexagon Purus og Hexagon Composites var to andre selskap frå regionen som hadde ein god dag. Begge aksjane har fleire dagar med oppgang bak seg og ligg an til ei sterk avslutning på mai.
Også Havila Kystruten som kjem med kvartalstal komande torsdag, hadde ein god dag på børsen av selskapa frå regionen.
Hovudindeksen på Oslo børs gjekk svakt ned og slutta på 1433,82 poeng.
Børstabell for Nordvestlandet:
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Atlantic Sapphire | kr 1,20 | 10,07 % |
Havila Kystruten | kr 1,05 | 9,38 % |
Hexagon Composites | kr 26,85 | 6,97 % |
Hexagon Purus | kr 8,84 | 6,12 % |
Havila Shipping | kr 5,30 | 3,72 % |
Hav Group | kr 11,55 | 3,13 % |
Golden Energy Offshore Services | kr 35,01 | 2,65 % |
Salmon Evolution | kr 7,89 | 2,07 % |
Norva 24 Group* | kr 29,00 | 0,17 % |
Romsdal Sparebank | kr 110 | 0 % |
Sparebanken Møre | kr 84,55 | -1,19 % |
Endúr | kr 51,70 | -2,27 % |
Hofseth Biocare | kr 2,10 | -2,33 % |
Arctic Bioscience | kr 9,65 | -5,39 % |
* Kurs i SEK | ||
Publisert: 28.05.2024 17:17
Sist oppdatert: 28.05.2024 17:17