Inge Furre Trond Moldskred Sparebanken Møre foto Ogne
VERTSKAP: Sjeføkonom Inge Furre og leiar for aktiv forvaltning Trond Moldskred er vertskap for ei serie arrangement Sparebanken held for kundar og potesielle investorar. Biletet er frå møtet i Fosnavåg onsdag 4. oktober.. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Større interesse for rentepapir

Den raske og store renteauken dei siste åra har gjort rentemarknaden interessant for investorane igjen.

05.10.2023

Det er ei stigande interesse for rentefond, seier Trond Moldskred, som er leiar for aktiv forvaltning i Sparebanken Møre.

Denne månaden møter han og kollegane i banken potensielle investorar i ei serie arrangement i banken sitt dekningområde, der Moldskred mellom anna argumentere for at ulike rentepapir kan vere verdt å vurdere som eit alternativ til å investere i aksjemarknaden.

Då renta for få år sidan var praktiskt talt null, var det lite å hente for den som hadde pengar til overs. Det har endra seg.

No gir pengemarknadsfond typisk 5-6 prosent rente, obligasjonsfond 6-8 prosent og høgrentefond rundt 10 prosent.

Artikkelen er oppdatert, mellom anna med aksjekursar for børsnoterte selskap på Nordvestlandet, etter at børshandelen var over for dagen.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Statt Torsk 0,60 15,38 %
Hexagon Composites 26,98 1,97 %
Hexagon Purus 11,94 1,19 %
Golden Energy Offshore Services 1,29 0,16 %
Hofseth Biocare 2,68 0,00 %
Arctic Bioscience 9,82 0,00 %
Salmon Evolution 6,15 -0,16 %
Endúr 37,70 -0,26 %
Norva 24 Group* 18,60 -1,17 %
Sparebanken Møre 78,00 -0,64 %
Havila Shipping 8,92 -1,11 %
Atlantic Sapphire 1,42 -1,79 %
Hav Group 8,70 -3,12 %
Havila Kystruten 0,95 -6,40 %
Eqva (tidl. Havyard Group) 2,40 -11,11 %
* Kurs i SEK

Publisert: 05.10.2023 16:33

Sist oppdatert: 05.10.2023 16:48