Spolebase Subsea Vigra
STOR ANLEGG: Subsea 7-anlegget på Vigra er ein spolebase som strekkjer seg 3,7 kilometer frå kai og inn på øya.
Nytt

Børsdagen: Subsea 7 blir halvt italiensk

Vil slå seg saman med italienske Saipem

24.02.2025

Det samanslåtte selskapet skal heite Saipem 7, skriv Subsea 7 i ei børsmelding som blei sendt ut i går kveld.

Saipem 7 skal eigast 50/50 av Subsea 7- og Saipemaksjonærane og vere børsnotert både i Oslo og Milano. Tilsaman har dei to selskap ha ei ordrebok på 43 milliardar euro,  årleg inntekt på 20 milliardar euro og 45.000 tilsette verda over. Ved å slå seg saman og samordne verksemdene sine kan det samanslåtte selskapet hente ut samanslåinggevinstar på 300 millionar euro årleg, tre år etter samanslåinga, ifølgje børsmeldinga.

På Nordvestlandet er Subsea 7 mest kjent for spolebasen på Vigra, der selskapet sveisar saman rør som blir lasta ombord i selskapet sin skip og frakt ut dit dei skal leggast. Spolebasen på Vigra er 3,7 kilometer lang frå kaia ytterst i Gjøsundet til den andre enden inne på øya.

Før seklskapa kan slå seg saman må planen gjennom både selskapa sine styrandre organ og godkjennast av styresmaktene.

Subsea 7 har ei flåte på 50 fartøy som arbeider for olje,- gass og vindkraftbransjen, med mellom anna konstruksjon- og rørleggingsoppdrag.

Aksjekursen spratt opp frå 182 til 198,2 kroner straks børsen opna i dag, men begeistringa over samanslåingsplanan fall gradvis utover dagen. Då børsen stengte var Subsea 7-kursen 187  kroner aksjen. Det er opp 2,97 prosent sidan fredag i førre veke.

Artikkelen er oppdatert, mellom anna med aksjekursar til børsnoterte selskap på Nordvestlandet, etter at børsen stengte i ettermiddag. 

 

Børsdagen  
   
SelskapKurs i kroner%-Endring i dag
   
Endúr77,50 1,71 %
Sparebanken Møre100,22 0,14 %
Romsdal Sparebank126,90 0,09 %
Arctic Bioscience3,10 0,00 %
Salmon Evolution6,57 -0,30 %
Hav Group5,64 -0,35 %
Norva 24 Group*24,60-0,81 %
Atlantic Sapphire10,44 -1,23 %
Hexagon Composites28,55 -2,56 %
Havila Shipping1,38 -2,95 %
Golden Energy Offshore Services18,70 -3,11 %
Hexagon Purus1,90 -5,04 %
Hofseth Biocare2,89 -5,56 %
Havila Kystruten0,80 -10,11 %
* Kurs i SEK  

Publisert: 24.02.2025 13:56

Sist oppdatert: 24.02.2025 16:54