
Børsdagen: Svekka krone og oljefall
Reiaraksjar på topp og botn ved starten av veka.
Det var lite spennande som skjedde for dei bøtsnoterte selskapa frå Nordvestlandet måndag.
Golden Energy Offshore blei dagens vinnar med ein oppgang på 3,5 prosent til rett under 30 kroner aksjen. Havila Kystruten vart dagens tapar frå regionen med eit fall på litt over tre prosent (sjå børstabell for Nordvestlandet under).
Internasjonalt kom det eit fall i oljeprisen måndag på meir enn halvannan prosent sidan før helga. Ved stengetid for børsen i Oslo var eit fat handla for kring 81,50 dollar.
Hovudindeksen på Oslo børs starta veka med ein oppgang på 0,66 prosent til 1452,54 poeng.
Krona held fram å svekke seg. Ein euro kosta 11,96 kroner måndag ettermiddag. Med unntak av nokre få timar i starten av mai, har ikkje euroen vore over 12 kroner sidan starten av koronapandemien i 2020.
Måndag kostar ein dollar 10,99 kroner – det dyraste sidan mai, ifølgje Finansavisen.
Børstabell for Nordvestlandet:
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Golden Energy Offshore Services | kr 29,60 | 3,50 % |
Hexagon Composites | kr 31,10 | 2,64 % |
Hexagon Purus | kr 8,83 | 1,49 % |
Endúr | kr 60,00 | 0,67 % |
Salmon Evolution | kr 7,12 | 0,14 % |
Sparebanken Møre | kr 84,50 | 0,07 % |
Hav Group | kr 10,00 | 0,00 % |
Romsdal Sparebank | kr 110,00 | 0,00 % |
Norva 24 Group* | 29,10 kr | -0,68 % |
Arctic Bioscience | kr 10,40 | -0,95 % |
Atlantic Sapphire | kr 4,63 | -1,74 % |
Havila Shipping | kr 6,23 | -2,20 % |
Hofseth Biocare | kr 2,06 | -2,83 % |
Havila Kystruten | kr 0,95 | -3,06 % |
* Kurs i SEK | ||
Publisert: 22.07.2024 17:14
Sist oppdatert: 22.07.2024 17:14