Oslo Børs Foto Marius Rosbach 11
FALL: Hovedindeksen på Oslo Børs fall 1,81 prosent i dag. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Børsdagen: Treng gode tal

Havila Kystruten legg snart fram tal for 3. kvartal.

16.11.2023

Torsdag fall aksjekursen til Havila Kystruten med 2,49 prosent, til 0,78 kroner. Det er berre like over botnoteringa på 0,77 kroner aksjen 30. oktober i år og verdset selskapet til 671 millionar kroner.

Selskapet har fått alle fire skipa i drift og henta inn i overkant av 800 millionar kroner i to kapitalutvidingar tidlegare i år, men har så langt ikkje lukkast i å få investorane i aksjemarknaden på trua på at det er gode tider i vente.

Selskapet var verdsett til over 25 kroner aksjen i august 2022 og var verdsett til over 20 kroner aksjen så seint som i november 2022. Hittil i år har kursen falle 92,77 prosent.

For aksjonærane, med Havila Holding som den største, vil difor ein kvartalsrapport fredag 1. desember som indikerer vekst og stigande lønsemd, vere ei fin julegåve.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Arctic Bioscience 9,18 8,00 %
Hofseth Biocare 2,78 5,30 %
Norva 24 Group* 19,44 0,93 %
Eqva 2,72 0,74 %
Salmon Evolution 6,03 0,00 %
Sparebanken Møre 76,40 -0,10 %
Atlantic Sapphire 1,25 -0,16 %
Statt Torsk 0,70 -0,29 %
Hav Group 8,94 -0,67 %
Havila Shipping 6,26 -1,42 %
Golden Energy Offshore Services 1,24 -1,58 %
Hexagon Composites 25,90 -1,75 %
Havila Kystruten 0,78 -2,49 %
Endúr 42,20 -3,87 %
Hexagon Purus 11,16 -4,29 %
* Kurs i SEK

Publisert: 16.11.2023 17:00

Sist oppdatert: 17.11.2023 01:42